Grunnlaget for helsa vår er dei daglege rutinane i heim, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane for lokalmiljøa, med til dømes gang og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv.
Folkehelseprofil
Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne. Arbeid – ein viktig del av vaksenlivet er temaet for folkehelseprofilen 2026.
Folkehelseprofilen for Sula for 2026 (PDF, 3 MB)
Oppvekstprofil
Oppvekstprofilen viser nokre av styrkane og utfordringane til kommunen, og kan brukast i planarbeidet for barn og unge og deira oppvekstmiljø.
Indikatorane er valde med tanke på å fremje oppvekstmiljøet for barn og unge, og må tolkast i lys av annan kunnskap om lokale tilhøve. Tema for profilane i 2026 er inkludering av barn og unge med innvandrarbakgrunn.
Oppvekstprofil for Sula kommune 2026 (PDF, 2 MB)
Oversikt over helsetilstand
Kommunen er i følge Folkehelselova pålagd å utarbeide ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i kommunen, og faktorar som påvirker denne. Oversikta er basert på opplysningar frå stat og fylke, kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestane, og kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og samfunn som kan ha innverknad på befolkninga si helse.
Innbyggarmedverknad
Sula Kommune har i samarbeid med ulike aktørar arrangert temakveldar/ dialogkafear/ messe der vi inviterer innbyggjarane til å kome med innspel om ulike tema for å skape engasjement og fremje folkehelsa i Sula. Nedanfor finn dykk ei nokre av samlingane:
Satsing i fylket
Satsinga på folkehelse i fylket skjer gjennom partnarskapsavtalar og samarbeid med kommunar, skular, frivillege organisasjonar og offentlege etatar. Målet er at flest mogeleg lever eit godt liv og meistrar sin eigen livssituasjon best mogeleg. Satsingsområde - Møre og Romsdal fylkeskommune. Sula er ein del av fylkeskommunen sin God Helse-samarbeidsavtale, eit strategisk samarbeid for å utvikle folkehelsearbeidet i fylket.
Meir om folkehelse