HelsaMi - ein sikker og brukarvennleg portal for digitale helsetenester

Sula kommune skal kople seg på Helseplattformen 03. november, med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Dette er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester. ​

Kva er HelsaMi?

HelsaMi er ein sikker og brukarvennleg portal for digitale helsetenester. Den er tilgjengeleg for deg som pasient eller pårørande til pasientar i regionen.  HelsaMi er eit tillegg til Helsenorge.

Ung dame med mellomblondt langt hår. Ho smiler og viser fram ein mobiltelefon med logoen til HelsaMi - Klikk for stort bilete Helseplattformen

 

Etter kvart som dei tilsette i Sula kommune  begynner å bruke Helseplattformen, vil du som innbyggar sjå meir innhald og kunne bruke fleire tenester i HelsaMi. for eksempel:

  • Sjå timeavtalar i kommunehelsetenesten
  • Søke om kommunale tenester som kommunen har valt å gjere tilgjengelege
  • Skrive til helsepersonell og få svar innan kort tid
  • Be om innsyn i journalen din
  • Videokonsultasjonar
  • Oversikt over prøvesvar
  • Be om tilgang på vegne av for eksempel eigne barn, eller eigne gamle foreldre
  • Svare på spørreskjema fra behandlarar i forkant av time

HelsaMi har også løysingar som er tilpassa for pasientar som har stort behov for helsehjelp, for eksempel kronisk sjuke 

Smart å sjekke for deg som nettopp har fylt 16 år

Logg inn på HelsaMi og sjekk at kontaktopplysningane om deg stemmer. Det gjer i menypunktet «Personlige opplysninger». Sjekk også at informasjonen om pårørande stemmer.

For deg som nettopp har passert 16 år er det spesielt smart å sjekke at det er ditt mobilnummer som står oppført, og ikkje nummeret til foreldre eller føresette som står der. Fram til du er 16 år kan foreldre, eller andre med foreldreansvar ha innsyn gjennom HelsaMi. 

Kvar finn du HelsaMi?

HelsaMi finns som nettstad og som app. Alle over 16 år loggar enkelt og trygt inn med ID-porten (til dømes Bank-ID). 

Du kan også få tilgang på vegne av andre som ønsker at du skal ha oversikt og høve til å kommunisere for deg. Det kan til dømes vere barna dine, ein eldre forelder eller andre du er pårørande til. 

Meir informasjon om HelsaMi

Vil du vite meir? Gå inn på HelsaMi sine nettsider 

Kontakt

Grethe Juul Molvær
Einingsleiar Sulatunet
E-post
Telefon 95 71 02 56