Kursing av helse- og omsorgspersonell

Sula kommune skal etter planen kople seg til Helseplattformen AS fredag 3. november i år. I forkant må helse- og omsorgspersonell kursast

Måndag 04. september starta opplæringa av dei tilsette på gamle Fiskarstrand skule.

Dei vil mellom anna 

  • få opplæring i det nye journalsystemet
  • bli trygg på det nye arbeidsverktøyet 
  • bli vande til nye rutinar
  • bidra med intern opplæring og støtte

Den omfattande kursinga gjer at kapasiteten kan vere noko redusert i periodar, vi ber om forståing for dette. 

Dette gjeld i første omgang Sulatunet, heimetenestene, bustader med heildøgns bemanning, psykisk helsevern, og helsestasjonen. Kommunelegekontoret og fastlegane vil ta i bruk systemet på eit seinare tidspunkt.

Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. Helseopplysningane dine har lagt i fleire ulike datasystem, som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historia di kvar gong du møter ein ny person i tenesta. Med Helseplattformen vil du no få ein journal, som skal følgje deg i alle møta med dei tenestene som tar Helseplattformen i bruk. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon, til rett tid, samla på ein og same plattform, vil også auke pasienttryggleiken din.

Helseplattformen har laga ei eiga side, der du kan få meir informasjon:

Kvifor koplar vi oss på Helseplattformen AS?

Vi gjer det fordi: 

  • Vi treng ei ny felles elektronisk journalløysing som erstattar dei løysingane vi har brukt.      
  • Vi når det nasjonale målbildet «Ein innbyggjar – ein journal».      
  • Vi får betre samhandlingsløysing mellom dei ulike nivåa i helsetenestane, og reduserer risikoen for pasientskade.      

Kva er Helseplattformen AS?

Spørsmål og svar om Helseplattformen

Kontakt

Grethe Juul Molvær
Einingsleiar Sulatunet
E-post
Telefon 95 71 02 56