Kva er Helseplattformen?

Sula kommune skal etter planen kople seg på Helseplattformen AS 4. november 2023.

Vi gjer det fordi: 

  • Vi treng ei ny felles elektronisk journalløysing som erstattar dei løysingane vi har brukt.        
  • Vi får betre samhandlingsløysing mellom dei ulike nivåa i helsetenestane, og reduserer risikoen for pasientskade.      

Kva er Helseplattformen AS?

Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. Helseopplysningane dine har lagt i fleire ulike datasystem, som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historia di kvar gong du møter ein ny person i tenesta. Med Helseplattformen vil du no få ein journal, som skal følgje deg i alle møta med dei tenestene som tar Helseplattformen i bruk. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon, til rett tid, samla på ein og same plattform, vil også auke pasienttryggleiken din.

Helseplattformen har laga ei eiga side, der du kan få meir informasjon:

Spørsmål og svar om Helseplattformen

Korleis kan eg få tak i pasientjournalen min?

Med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Dette er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester. ​Gjennom HelsaMi kan du mellom anna få oversikt over helseopplysningar, og ha dialog med helsepersonell.

Du kan bruke HelsaMi som ein eigen app, men du kan også logge inn på nettsida. 

Slik logger du deg inn og bruker HelsaMi 

eller 

  • Logg inn på nettsida HelsaMi.no 
  • Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID). 

Du kan også få tilgang på vegne av andre som ønsker at du skal ha oversikt og høve til å kommunisere for deg. Det kan til dømes vere barna dine, eldre forelder eller andre du er pårørande til. 

Er det trygt?

HelsaMi er like sikkert som nettbanken. Du loggar deg inn med BankID, Buypass eller Commfides. Alle har tryggingsnivå 4, som er det høgaste tryggingsnivået.

Film om Helseplattformen

Helseplattformen skal binde saman heile helsetenesta i Midt-Noreg på ein ny måte.

Personvern