Rus og Psykisk helse ungdom

Psykisk helse ungdom er eit tilbod knytt til helsesjukepleiartenesta og arbeider inn mot ungdom i ungdomsskulen, ungdom i vidaregåande alder, samt helsestasjon for ungdom (HFU). Tenesta gjeld for ungdom opp til 18 år alder.  Ungdom over 18 år kan be om tenesta igjennom HFU. 

Kva tilbyr vi?

Psykisk helse ungdom gir eit tilbod til ungdom i form av støttesamtalar og oppfølging i høve vanskelege tankar og kjensler, bekymring rundt rus, eller lettare formar for depresjonar og angst. Psykisk helse ungdom kan gi råd og rettleiing til ungdommen sine føresette og samarbeider med personar som har viktige roller i livet til ungdommen.

Psykisk helse ungdom samarbeider og rettleier helsesjukelpeiarar i deira arbeid med psykisk helse og rus. 

Psykiske helse ungdom har fast veiledning med kommunepsykolog og samarbeidar med psykisk helseteam, ungdomslos og Ung Mestring. 

Korleis få tilbodet?

Ta direkte kontakt med oss, du finn kontaktinformasjon nederst i artikkelen.

Kven møter du?

Spesialvernepleiar i psykisk helse, med erfaringskompetanse innan rusfeltet, både innan spesialisthelsetenesta og kommunalt. 

Tenesta vert gitt både på helsestasjonen, ved ungdomskulen/vidaregåande skule, eller i heimen etter behov. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Lover og reglar

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)

Kontakt

Helsestasjonen
E-post
Telefon 70 19 91 36

Opningstider

Kontortid: Måndag - fredag:    08:30 - 15:00
Telefontid: Måndag - fredag:  08:00 - 10:00 og 12:30 - 15:00

Send sikker post (eDialog)