Rusomsorg

Tenesta er eit tilbod på dagtid som skal bidra til at personar med rusavhengigheit eller speleavhengigheit opplev auka livskvalitet og mestringsevne, og reduserer rusbruk.

Kven kan få tilbodet?

Personar som oppheld seg i kommunen og som har eit rusmiddelproblem og /eller speleavhengigheit kan få tilbod om oppfølging.

Ruskonsulenten kan tilby ulike hjelpetiltak:

  • Kartlegging av hjelpebehov og individuelt tilpassa oppfølgingstiltak 
  • Hjelp til å lage struktur i kvardagen og finne meiningsfulle aktivitetar
  • Støtte til betring og mestring
  • Sosial trening på forskjellige arenaer
  • Samarbeid med pårørande og/eller andre instansar ut i frå tenestemottakaren sine ønsker og behov
  • Henvisning til rusbehandling i tverrfagleg spesialisert rusbehandling(TSB)
  • Gi tilbod om oppretting av koordinator og individuell plan (IP) ved behov for koordinerte og samansette tenester.
  • Sikre god forløpskoordinering ved pakkeforløp. 

Hjelpa blir tilpassa den enkelte ut frå ei fagleg vurdering, og det kan bli gjort individuelle vedtak på tenesta.

Korleis få tilbodet?

Du kan ta kontakt med ruskonsulenten telefon, sjå kontaktinformasjon under.

Planar

Lover og reglar

Tenesta gis etter Helse og omsorgstjenesteloven og tilpassast den enkelte tenestemottakar ut i frå ei fagleg vurdering og i samråd med tenestemottakaren.

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m

Artikkelliste