Kva tilbyr vi?
Tenesta er eit tilbod på dagtid som skal bidra til at personar med rusavhengighet opplev auka livskvalitet og mestringsevne, og reduserer rusbruk.
Kven kan få tilbodet?
Personar som oppheld seg i kommunen og som har rusmiddelproblem kan få tilbod om oppfølging.
Kva kan du få hjelp til?
Rustenesta kan tilby ulike hjelpetiltak:
- Kartlegging av hjelpebehov og individuelt tilpassa oppfølgingstiltak
- Henvisning til rusbehandling i spesialisthelsetenesta
- Samarbeid med andre instansar, lege, pårørande, spesialisthelsetenesta osv
- Oppfølging i forhold til arbeid/aktivitet
- Samtalar
- Gje tilbod om ansvarsgruppe og individuell plan (IP) ved behov for koordinerte og samansette tenester
- I samråd med brukar vere eit bindeledd i samarbeid med den enkelte sin fastlege, burettleiar, rettleiar i NAV, sjukehus og DPS.
Hjelpa blir tilpassa den einskilde ut frå ei fagleg vurdering, og det vert fatta individuelle vedtak på tenesta.
Korleis få tilbodet?
Du kan ta kontakt med ruskonsulenten telefon 41387541 eller NAV Sula på 55 55 33 33
Planar
Lover og reglar
Tenesta gis etter Helse og omsorgstjenesteloven og tilpassast den enkelte tenestemottakar ut i frå ei fagleg vurdering og i samråd med tenestemottakaren.
Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m