Er du bekymra for nokon med eit rusproblem?

Om du er bekymra for at nokon utsett si fysiske og/eller psykiske helse for fare ved omfattande og vedvarende  rusmisbruk, kan du sende skriftleg bekymringsmelding til rusomsorga i Sula kommune. 

Ruskonsulenten er på jobb på dagtid. Om du vurderer situasjonen til å vere akutt, og den skjer på ei tid der ruskonsulenten ikkje er tilgjengeleg, må du ta kontakt med legevakt og/eller politi, ring 113. 

Skjema for bekymringsmelding om rusmisbruk

Kva skjer etter at du har sendt inn bekymringsmelding?

Om vi vurderer at det er nødvendig å gjere undersøkingar for å kartlegge om det er grunnlag for å sette i verk tiltak, vil det bli oppretta sak. 

Om du er  pårørande  i samsvar med pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 bokstav b, skal du få ei tilbakemelding frå oss når saka er ferdig utgreid.

Lover og reglar

Helse og omsorgstenestelova kapittel 10

Kontakt

Ruskonsulent NAV Sula
Telefon 55 55 33 33
Mobil 97 02 63 20