Rådgivande eining for russaker

Stortinget har vedtatt at det frå 1. juli 2022 skal etablerast rådgivande einingar for russaker i kommunane.

Kva er rådgjevande eining for russaker?

Eininga tek imot personar som er ilagt oppmøteplikt frå politiet som følge av avdekka overtredelse av forbod mot bruk, erverv og innhav av narkotika til eige bruk.

Dei som er ilagt oppmøteplikt får innkalling og det blir gjennomført eit møte der vedkomande vil få tilpassa råd, rettleiing og informasjon.  Etter samtykke får vedkomande også tilbod om kartlegging av mogleg tenestebehov.  

Eininga skal så henvise vedkomande  til rett instans for vidare hjelp, behandling eller anna oppfølging.  Til dømes oppfølgingstilbod frå NAV.

Om ein ikkje møter til avtale, har kommunane heimel til å ilegge eit administrativt gebyr for manglende oppfylling av møteplikt.

Hvis påtalemyndigheita har sett rustesting som vilkår, skal eininga samarbeide med helsetenesta om dette.

Rådgivande eining for russaker er lagt til NAV Sula.

Lover og reglar

Kontakt

Ruskonsulent NAV Sula
Telefon 55 55 33 33
Mobil 97 02 63 20

Adresse

Besøksadresse:
Geilneset 16
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 265
6039 Langevåg