Tvangstiltak overfor personar med rusmiddelmisbruk

Om nokon utset sin fysiske eller psykiske helse for fare ved omfattande og vedvarande rusmisbruk, og dersom ordinære hjelpetiltak ikkje er tilstrekkeleg, kan det gjerast vedtak om tvangstiltak.

Når kan ein gjere vedtak om tvangstiltak?

Arbeidet blir gjort etter Helse og og omsorgstenestelova kapittel 10, Tvangstiltak mot personar med rusmiddelbruk. Saksbehandling skjer i tråd med Helsedirektoratet sin Rettleiar om tvangstiltak mot personar med rusmiddelproblem.

Om vilkåra er oppfylt kan vi gjere følgande vedtak

  • Tilbakehald i institusjon utan eige samtykke (§ 10-2)
  • Tilbakehald av gravide som er rusmiddelavhengige ( § 10-3)
  • Tilbakehald på bakgrunn av eige samtykke (§ 10-4)

Kven kan gjere vedtak om tvangstiltak?

I Sula Kommune er det rustenesta som har ansvar for saksbehandling som gjeld tvangstiltak for personar med rusmiddelproblem. Saksbehandlinga blir gjort i samarbeid med kommuneadvokat og bistandsteam ved spesialisthelsetenesta TSB (Tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar).

Lover og reglar

Kontakt

Ruskonsulent NAV Sula
Telefon 55 55 33 33
Mobil 97 02 63 20