Om du er uheldig og køyrer på eit dyr skal du kontakte politiet på på telefon 02800, politiet vil kontakte Ettersøksgruppa ved behov.
Om du finn skadde, sjuke eller døde dyr i naturen, kan Ettersøksgruppa på Sula kommune kontaktes på telefon 90991017, men du kan også kontakte politiet.
Om du har køyrt på eit dyr eller finn eit skada dyr i vegbanen, må du melde frå.
Kva gjer du ved påkøyrsel av dyr?
- Varsle politiet - 02800. Politivakta har liste over ettersøksjegerar. Om bilen har treft dyret er det nesten utan unntak skadd, sjølv om det har sprunge vidare. Informer gjerne politiet om koordinatane til staden du er, du finn dette i kartet på mobilen din. Dersom du ringer politiet ved hjelp av appen «Hjelp 113» ser dei nøyaktig kvar du er.
- Hugs å sikre og merke ulukkesstaden. Du må sikre ulukkesstaden ved å sette ut ein varseltrekant og skru på naudblink. Ta på refleksvest.
- Dersom du får løyve frå politiet til å køyre vidare, skal du merke staden der påkøyrsel skjedde. Kommunen, mange bensinstasjonar og forsikringsselskap deler ut spesielle merkeband som er lurt å ha i bilen. Bruk eventuelt ein plastpose eller liknande. Dette er viktig for at ettersøksjegeren skal vite kvar sporinga skal starte.
Kva skjer etter ein påkøyrsel?
Å køyre på eit dyr er ikkje straffbart. Men å ikkje varsle om at det har skjedd, og ikkje å stoppe og sjekke tilstanden til dyret, er straffbart og kan medføre inndraging av førarkort!
Varsling til politiet er også eit vilkår for å kunne bruke bilforsikringa din. Skade etter kollisjon med vilt gir ikkje bonustap.
Meld frå om skada vilt
- På dagtid (kl. 09-00-15.30): ta kontakt med Nordre Sunnmøre landbrukskontor tlf.
- På kveldstid: Ring politiet på 02800. Når du ringer politiet etter ei påkøyrsel varslar dei viltnemnda og andre relevante aktørar.
Om ein finn eit dødt hjortevilt i vegbana skal også dette meldast til politiet. Dette for at hendinga skal registrerast i Hjorteviltregisteret.
Hjortejakta varer frå 1. september til 23. desember kvart år.
Sula hjorteviltvald representerer grunneigarar i Sula kommune og har utarbiedd ein forvaltningsplan for hjortevilt i kommunen. Planen er godkjent av viltnemnda. Gjeldande plan kan du lese her: Bestandsplan Sula Hjorteviltvald (PDF, 844 kB)
Leiar for Sula Hjorteviltvald er Eirik Guldal Loftesnes, han kan kontaktast på eirikloftesnes@gmail.com.
Sula har skotpremie på mink, raudrev og kråke frå og med kalenderåret 2019.
Ordninga vart evaluert av formannskapet i sak 24/21
Du kan lese saksframlegget her.
Kommunestyret set årleg av ei ramme på kr 15 000,- til føremålet. Dersom samla utbetaling overstig kr. 15 000,- skal utbetaling per dyr avkortast pro rata, slik at summen ikkje overstig ramma. Personar som gjer krav på utbetaling skal vere busett i Sula kommune og skal oppgje koordinatar som syner kvar viltet er skutt eller fanga. Avliving skal alltid skje på ein trygg og human måte. Jegerar som ikkje rettar seg etter dette, misser retten til utbetaling av skotpremie fullt og heilt.
Satsar (merk at avkorting kan vere aktuelt):
- Mink: 250,-
- Raudrev: 200,-
- Kråke: 50,-
Kontroll:
Sula Jeger- og Fiskerforening står for kontroll av viltet. Kontrollering vil bli utført på følgande måte:
- Rev : Jeger skal klippe av ytterste potar på begge framlabbane. Ta kontakt med kontrollør for kontroll same dag eller påfølgande dag.
- Mink : Jeger skal klippe av ytterste potar på begge framlabbane. Ta kontakt med kontrollør for kontroll same dag eller påfølgande dag.
- Kråke : Jeger skal klippe av begge føtene og knyte dei fast til kvarandre. Ta kontakt med kontrollør.
Kontrollørar:
| Namn | Område | Telefonnummer |
| Petter Jan Bjørkelid | Eikrem/Sulesund/Solevåg | 900 38 556 |
| Kristoffer Giske | Fiskarstrand/Langevåg | 414 25 553 |
| Jan Egil Arnestad | Fiskarstrand/Langevåg | 459 01 498 |
Tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Det kan søkast tilskot til tiltak som fremjer natur- og kulturverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, og som reduserer forureining frå jordbruket.
Søknadsfrist er fortløpande
Kven kan søke?
- Føretak som oppfyller vilkåra for produksjonstilkott i jordbruket.
- Eigar av landbrukseigedom dersom det foregår produksjon som oppfyller vilkåra for produksjonstilskot i jordbruket.
Korleis søke?
For meir informasjon om ordninga og søknadsskjema viser vi til Landbruksdirektoratet:
Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet
Lokale retningsliner
Revidert strategiplan med lokale retningslinjer for SMIL-ordninga (tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket) for Sula kommune for perioden 2026–2029. Strategiplanen er fastsett administrativt av Nordre Sunnmøre landbrukskontor i medhald av delegert mynde, og vert sendt til orientering for formannskapet.
Retningsliner for spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) (PDF, 2 MB)