Forklaring på gebyr for kommunaltekniske tenester

Faktura

Sula kommune sender ut faktura for kommunale avgifter 4 gongar i året om ikkje anna er avtalt. Om du ønsker månadleg fakturering må du melde frå til oss her.

Fakturaene vert sendt ut 3-4 veker før forfall. 

Eigarskifte

Ved eigarskifte skal kjøpar og seljar avrekne kommunale gebyr seg i mellom. Meklaren hjelper ofte til med dette. Ta kontakt med innbyggartorget om du har spørsmål.

Fastgebyr

Fastgebyr vatn og kloakk er den faste delen av gebyret og er uavhengig av kor mykje vatn du brukar.

Forbruksgebyr

Forbruksgebyr vatn og kloakk (vatn inn = kloakk ut) vert rekna ut etter bruksarealet (BRA) eller vassmålar.

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år. Du har to dagars frist på å svare på SMS'en. Om du ikkje svarar på SMS'en innan fristen, eller av andre grunnar har bedt om det, vil du motta avlesingingskort i posten.

Oppgjeret kjem på faktura for februar for dei som har månadleg faktura, og på første faktura for dei som betalar kvartalsvis. For dei øvrige terminane blir det stipulert eit â konto beløp berekna ut i frå forbruket året før. Dei som har månadleg faktura blir ikkje belasta for â konto beløp i januar månad, dette beløpet blir fakturert i februar.

Hytte- og frittidsbustadar

Hytterenovasjon

I samsvar med endring i forskrift om hushaldsavfall 18.12.14, starta renovasjonsordning for hytter/fritidsbustader i Sula den 01.03.2015.

Feiing og tilsyn fritidsbustad

I 2018 starta gjennomføring av tilsyn og feiing iht. Den nye førebyggjande forskrift (§ 17) som trådte i kraft 01.01.16. Tidspunkt for feiing og tilsyn blir bestemt etter ei risikovurdering.

Feiing og tilsynsgebyr

Feiing skal utførast ved behov, eller minimum kvart 4. år. Feie og tilsynsgebyret er fordelt slik at det skal betalast kvart år, også dei åra det ikkje er feiing eller tilsyn  på eigedomen. Gebyret dekker meir en feiing og tilsyn:

  • Feiing/tilsyn i samsvar medl gjeldande regelverk (brann- og eksplosjonsvernlova og forebyggande forskrift).
  • Kontroll etter brann eller eksplosjon ved fyringsanlegget.
  • Varsel om feiing/tilsyn.
  • Informasjonstiltak for riktig fyring og generelt brannvern.
  • Saksbehandling.

Gebyrforskrift for Sula kommune, gjeldande frå 01.01.2019

Din bustad kan ha fått endra gebyrtype.

I den nye forskrifta er det slik at ulike hus er delt opp i einingar.

Vi har fem typar einingar:

  1. Næringseining
  2. Forsamlingshus, grendehus/klubbhus som vert eigd av idrettslag eller andre lag/foreiningar og som vert drifta på ikkje kommersielt grunnlag
  3. Bueining
  4. Fritidseining
  5. Småbåthamn/naustlag

For eksempel er ein tomannsbustad 2 bueiningar, ein firmannsbustad 4 bueiningar og eit bustadhus med næring i kjellaren 1 næringseining og 1 bueining. Ein einebustad med inntil ein utleiedel er 1 bueining.

Forklaring på gebyr for kommunaltekniske tenester

Forklaring på gebyr for kommunaltekniske tenester
Varenummer Varenamn Forklaring
620 Vassavgift areal Forbruk vatn utrekna etter bruksareal (BRA)
625 Vassavgift målar Viser avlest forbruk i avlesingsåret (kjem på faktura for 1. termin for dei som har vassmålar)
621 Fastgebyr vatn Næringseining
622 Fastgebyr vatn Forsamling
623 Fastgebyr vatn Bueining
624 Fastgebyr vatn Fritidseining
626 Fastgebyr vatn Småbåt/naustlag
630 Kloakkavgift areal Forbruk kloakk utrekna etter bruksareal (BRA)
635 Kloakkavgift målar Viser avlest forbruk i avlesingsåret (kjem på faktura for 1. termin for dei som har vassmålar)
631 Fastgebyr kloakk Næringseining
632 Fastgebyr kloakk Forsamling
633 Fastgebyr kloakk Bueining
634 Fastgebyr kloakk Fritidseining
636 Fastgebyr kloakk Småbåt/naustlag
651 Feiing og tilsyn fritidsbustad Tidspunkt for feiing og tilsyn vert bestemt etter ei risikovurdering.
701 Forventa bruk av vatn Forskot for vatn utrekna etter forbruket året før
702 Forventa bruk av kloakk Forskot kloakk utrekna etter forbruket året før
711 Innbetalt vatn Dette er beløpet som er innbetalt â konto forrige år. Beløpet blir trekt frå avlest forbruk.
712 Innbetal kloakk Dette er beløpet som er innbetalt â konto forrige år. Beløpet blir trekt frå avlest forbruk.
750 Feie- og tilsynsgebyr Sjå forklaring lenger oppe i artikkelen
1531400 Restavfalldunk 140 l restavfall og 140 l eller 240 l papirdunk = standarabonnement
1531406 Restavfall heimekompostering Henting kvar 4. veke i partalsveke.
1531410 Restavfall redusert Henting kvar 4. veke i partalsveke
1531416 Restavfall samarbeid Henting kvar 2. veke
1531600 Hytte- og fritidsrenovasjon Hytteigarar kan levere avfall ved Shell-stasjonen i Langevåg og ved Grova i Mauseidvåg.
15317000 - 15317025 Slam Gebyr for tømming av slamtank for dei som ikkje er tilkopla offentleg kloakk
830 Tilsyn av spreidde utslepp Ny forskrift (K-sak 032/18) om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureingsregelverket for slamanlegg
860 Tilsyn og kontroll feittavskiljar Ny forskrift (K-sak 032/18) om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureingsregelverket
870 Tilsyn og kontroll oljeavskiljar Ny forskrift (K-sak 032/18) om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureingsregelverket