Tilbod om månadleg fakturering av kommunale avgifter

Kommunale avgifter bli fakturert 4 gongar pr. år. med forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. desember om ikkje anna er avtalt. Du kan også velje å få månadleg faktura.  Då må du sende oss melding på elektronisk skjema.

Før du kan endre til månadleg faktura må du gjere opp eventuelt uteståande restansar. Det gjeld faktuarer som er forfalle eller har gått til inkasso. Ta gjerne kontakt med oss for å få til ein avtale.

Hytter/fritidsbustad

Hytter/fritidsbustadar og småbåt/naustlag kan ikkje søke om månadleg faktura. Frå og med 2020 vil faktura blir sendt ut ein gong i året, etter at vassmålaroppgjeret er gjort. Fakturaen vil ha forfall 20. mars. 

Forfall

Månadlege fakturarer har forfall 20. kvar månad. Overføring til månadleg faktura må tilpassast kommunen sine ordinære kvartalsvise fakturering. 

  • Om du ber om månadleg fakturering mellom 21. juni og 20. september, vil du får månadleg fakturering frå oktober.
  • Om du ber om månadleg fakturering mellom 21. september og 20. desember, vil du får månadleg fakturering frå januar.
  • Om du ber om månadleg fakturering mellom 21. desember og 20. mars, vil du får månadleg fakturering frå april.
  • Om du ber om månadleg fakturering mellom 21. mars og 20. juni, vil du får månadleg fakturering frå juli.

Vassmålar

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år. Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden er 01. januar. For dei som har månadleg faktura kjem oppgjeret på faktura for februar, medan dei som har kvartalsvis faktura får oppgjeret i mars, på 1. termin med forfall 20. mars.

Oversikt over kommunaltekniske avgifter med forklaring

AvtaleGiro og eFaktura

Vi anbefalar deg å opprette AvtaleGiro eller eFaktura i nettbanken din. Om du opprettar AvtaleGiro eller eFaktura vil det tre i kraft frå neste faktura.

Meir informasjon AvtaleGiro og eFaktura

Kva gjer du dersom du ønsker å gå tilbake til kvartalsvis fakturering?

Send oss melding  på elektronisk skjema

Kva skjer etter at du har gitt beskjed om at du ønsker endring i antal faktura?

Endring i frå kvartalsvis faktura til månadleg faktura, eller omvendt, blir automatisk innvilga om du gir oss melding om at du ønsker det. Du vil derfor ikkje motta svar på søknaden.

Kontakt

Servicetorget på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 08:00-15:30

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss