Året - gjennom barns medverknad
Heile barnehagen har same satsingsområde for eit år i gongen. Avdelingane prioriterar tema og innhald utifrå dei ulike barnegruppene. Avdelingane sine prioriteringar kjem fram i årsplanen, i månadsplanar og vekeplanar.
Året - gjennom barns medverknad
Avdelingane jobbar seg gjennom året, ved å la barna vere med å bestemme innhald månad for månad.
Barn har rett til å uttrykkje seg og påverke alle sider ved sitt liv i barnehagen. Det handlar ikkje om at barna skal bestemme alt, men at dei skal få uttrykkje seg og få innflytelse, bli involvert og ha moglegheiter til påverknad.
Medverknad:
- bestemme i lag med andre
- sjølvbestemming
Les meir om dette i årsplanen.
Utviklingsarbeid
Utviklingsarbeid i barnehagen handlar om å jobbe systematisk for å forandre eller utvikle/forbetre pedagogisk praksis. Målet er at den pedagogiske praksisen skal fremme barna sin trivsel og utvikling. I tillegg blir vi ein lærande organisasjon, som samtidig gir dei tilsette moglegheit for eigenutvikling. Vi har barnehagebasert kompetanseutvikling, som involverar alle tilsette.
Inneverande år har vi eit utviklingsarbeid i regi av Sunnmøre Regionråd i samarbeid med Høgskulen i Volda, med tema: Barnehagen sin digitale praksis. Eit av verktøya innafor dette tema vil vere internasjonalt samarbeid.
Les meir om dette i årsplanen.
Sist endra 15.09.2022 15.11