Sula kommune

Barnehagekvardagen

Eit lite innblikk i det som skjer på Måseide barnehage 

Måltid

Frukost mellom kl. 8.00 – 8.30
Lunsj ca kl. 11.00 – 11.30
Fruktmåltid ca kl. 14
Dei eldste barna har ofte smøremåltid der dei smør sin eigen mat. Under måltidet har vi fokus på gode samtalar, vi kan lese bøker eller fortelje eventyr.

Du kan lese meir om mat og måltid her.

 

Samling

Avdelingane har samling kvar dag, klokkeslettet og lengda varierar. I desse samlingane kan vi til dømes ha dramatisering, sang, musikk, dans, eksperiment og speling av instrument. Vi kan nytte bilder, film, tekst og bøker for å kunne fortelje og samtale om eit tema. Vi snakkar om kva dagen skal innehalde eller kva som skal skje i tida framover.

 

Gruppedeling

Gjennom dagen deler vi barnegruppa inn i fleire smågrupper, for å skape ro, tilrettelegge for god leik og nå kvart barn best mogleg. Dette kan til dømes vere styrte planlagte aktiviteter, frileik, bordaktivitetar, uteleik og leikegrupper. 

Språkmiljø

Måseide barnehage har tilsette som er bevisste på språk og kva moglegheiter vi har til å stimulere barns språkutvikling.

 

I praksis betyr det at dei tilsette:
- kommenterar og setter ord på ting i kvardagen, handlingar, tankar, opplevingar, følelsar og aktivitetar
- nyttar daglegdagse situasjonar til samtale
- tilrettelegger for deltaking i samtalar
- støtter barna ved å gjenta med heile setningar, hjelper samtalen i gong, nyttar rett språkleg form
- forklarar, undrar seg saman med barna, reflekterar, diskuterar - leikar med språket og undrar seg over det
- er bevisst på å veksle mellom samtalar i "her og no"-situasjonar og samtalar om "der og då"-situasjonar
- er bevisst sin bruk av spørsmål - og få til gode dialogar

 

Avdelingane har språkgrupper der vi har fokus på gode samtalar og aktivitetar som stimulerer språket. Språkgruppa kan innehalde aktiviteter som dramatisering med konkretar, bordaktiviteter, språkkort, bøker, små filmklipp, bilder, songar, munnmotorikk, rim og regler. Barna som er to-språklege har ekstra oppfølging og fleire språkgrupper i veka. Vi har elles fokus på å utvikling og fremme språket gjennom heile dagen, og oppmuntrar og legger til rette for samtalar i alle situasjonar.

Vi nyttar generelt bøker og høgtlesing, ulike spel og leik.

Barnehagen har ulike verktøy i språkarbeidet, mellom anna:
- Språksprell
- Snakkepakken
- Babblarna
- Grep om begrepa
- Språkleik med øvingar
- TRAS
- Nya SIT med tiltakspakke

Minoritetsspråklege barn
Vi har fått mange gode tips og materiell frå spesialpedagog v/PPT, med fokus på språk - førstespråk og andre språk, korleis språkutviklinga skjer og kva type materiell og aktivitetar vi kan nytte for at barna skal få lære norsk, som då også støttar deira førstespråk og andre språk.

 

Kreative aktivitetar

Barna får vere med på kreative aktivitetar gjennom veka. Dette kan vere forming som er tilknytta årstid, tema vi held på med, eller andre aktiviteter som blir til ut i frå barna sine interesser. Målet med aktiviteten kan vere å få eit resultat, men prosessen og det å få bruke sansane er mest i fokus. 

 

Tur og friluftsliv

Alle avdelingane nyttar seg dagleg av uteområdet til barnehagen, og har faste dagar, minst ein gong i veka som vert nytta til turar. Vi har fleire turområder som vi kan bruke gjennom året i all slags vêr. Barnehagen har moglegheit til å bruke buss dersom vi skal på lengre turar. Vi har tilgong til grue og gapahuk rett ved barnehagen der vi kan lage mat. Vi har også stormkjøkken og lavvo. Små turar er også store, og det er mykje ein kan finne på ute ved hjelp av kreativitet og engasjerte vaksne. Friluftsliv handlar også om å få kunnskap om naturen, bruke sansane, ta med ulike naturmaterialer inn, studere dei og nytte dei i ulike aktivitetar. I juni har alle avdelingane ein lengre avslutningstur der vi takkar for nok eit barnehageår før ein ny barnegruppe tek til på avdelingane frå hausten.

 

Førskulegruppe

Vi har førskuleopplegg fast ein dag i veka, kvar veke heile året, for dei som skal begynne på skulen. Ulike skuleførebuande aktivitetar, samlingar og sosialt samspel er prioritert. Innhaldet varierar frå styrte aktivitetar til frileik, både inne og ute.  Barns medverknad har stor verdi, og som kjem fram i samtalar og blir ivaretatt gjennom ulike aktivitetar.

Etterkvart ønskjer vi å nytte ein heil dag til «førskuledag», som varer heile opningstida den eine dagen i veka. Då får vi ekstra god tid til å vere ilag, til å gå på lengre turar og/eller reise med buss til nye stader  -   god tid til å gjere masse kjekt.

Vi prioriterar også tid til samarbeid barnehage-skule  -  4 stk barnehage-/skuletreff gjennom året, der barna som skal gå i klasse får treffe dei andre barna dei skal gå på skule ilag med.

Felles sangstund og Ope hus
  • Felles sangstund:
    Gjennom året har vi også felles sangstund kvar 3. veke, der heile barnehagen er i lag. Avdelingane rullerer på å ha ansvaret for gjennomføringa.
     
  • Ope hus:
    Annakvar felles sangstund, kvar 6.veke, har vi i tillegg Ope hus. Avdelingane opnar opp, og alle barna får leike kor dei vil i heile barnehagen. Dei vaksne på avdelinga følgjer sine barn - og alle passar på kvarandre.  

Begge desse aktivitetane er gode tiltak for å bli kjent med kvarandre på tvers av avdelingane. Vi skapar gode fellesskap, og utvider barna si sosiale kompetanse.  Desse tiltaka gir også ein tryggare og smidig overgang når barna må byte avdeling.

Søvn og kvile

Det er viktig med god søvn og kvile i barnehagen. Vi har fokus på barna og tilpassar oss etter deira behov. Gjennom dagen har vi ein balanse mellom leik med høg aktivitet, og stunder der vi har det roleg, les bøker, høyrer på musikk eller held på med bordaktivitetar.

I følge boka "Alt jeg kan" blir hjerna vår "vaska" når vi søv.  Hjerna vår jobbar med å fjerne unødvendig informasjon, og vert klar for nye inntrykk og opplevingar. Søvn er særleg viktig under barndommen, og ofte treng ein meir søvn enn ein trur. Nyare hjerneforskning viser at søvn er viktig for utvikling og læring.

Barna søv ute i private vogner under tak. Vognene står lagra i oppvarma vognskur. Vi har sovevakter som til ei kvar tid passar på barna ute medan dei søv.

Bading

Bading er gøy – i tillegg blir det starten på eit livreddande tiltak for barna sine liv.

Måseide barnehage prioriterar å vere med på badetilbodet vi får gjennom Aalesunds Svømme- og Livredningsklubb (Aaslk) i samarbeid med Statsforvalter. Det er ei gratis svømmeopplæring for barnehagane sine 4-6 åringer, i haust- og/eller vårhalvåret.  Vi får også dekt bussutgifter tur-retur. Det er stas å bli henta og køyrt av eigen buss - både fram og tilbake.

Aaslk gjennomfører undervisninga i terapibassenget med sertifiserte og erfarne instruktørar. Badinga foregår på Bybadet i Ålesund. Barnehagen får tildelt badetider ein fast dag i veka – ein halv time pr. gruppe, i 8 veker.  Om det passar kan gruppene få vere med i ei runde nr 2, med 8 nye veker.

Målet med badinga:
1. Leike i vatn/ha det gøy
2. Tåle å bli spruta vatn på
3. Lære å dukke
4. Eventuelt progresjon: Lære å flyte (som blir sett på som ei livredning for seg sjølv)
5. Bonus: Eventuelt lære å svømme

Mange barns sitter tett ilag på bassengkanten, og får beskjedar frå instruktørar - Klikk for stort bilete
Barn som øver i basseng ilag med tre instruktører - Klikk for stort bilete

 

IKT - digital praksis

Det handlar ikkje om MEST mogleg bruk, men om BEST mogleg bruk.

Dei tilsette må vurdere når det skal nyttast digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet, og vi må vere gode rollemodellar for barna når det gjeld nettvett. 

Digitale verktøy og medier er viktige hjelpemiddel i formidling av verdiar, kultur og fag, samt gi rom for barnas eigen kulturskaping og kreativitet, og bidra til at alle barn får oppleve meistring i eit sosialt og kulturelt fellesskap. Det skal bidra til sosial utjamning.  Barna skal bli kjent med digitale verktøy, vere med i prosessar, og erfare at dei er eigna hjelpemiddel til utforsking, leik og læring.

Alle avdelingar i Måseide barnehage har godt IKT utstyr :

  • PC
  • Mobilar
  • iPad
  • Prosjektor i tak med store elektriske lerret
  • Robotar - Blue-bot
  • Digitalt mikroskop
  • Kopimaskin/printer 
  • Musikkanlegg
  • Høgtalarar
  • Infoskjermar i garderober - beskjedar til foreldra

 

Barnehagen har lysbrett med ullike transparente figurar og tal, og vi vil få ei stor, felles interaktiv tavle på hjul som kan leggast ned som eit stort touchbord.

I tillegg har vi diverse digitalt utstyr på møterom og pauserom: 

  • Storskjerm/PC-skjerm på vegg
  • Møtemikrofon
  • Møtekamera
  • Lightening og overgangar

 

Kyllingar

Nytt liv  -  frå egg til kyllingar.

Kvart år er det tradisjon på Måseide barnehage å klekke ut kyllingar. Det har blitt eit sikkert vårteikn hos oss.  Vi har to elektrisk rugemaskiner som vender egga automatisk flerie gongar i døgnet. Vi lagar kylling-kalender der vi tel ned dagane til ultralyd og termin.  Spennande for både barn, tilsette og foreldre som kjem innom. Dette gir rom for mykje undring, omsorg, språk og gode samtalar.