Motorisk leik og læring (MoTo-leik)

Gøy med ulike aktivitetar der barna får boltre seg og bruke kroppen.

MoTo-leik står for «Motorisk leik og læring i barnehagen»  -  eit opplegg for å kvalitetssikre det som skjer rundt den motoriske utviklinga til barna i Måseide barnehage.

MoTo-leik er eit systematisk og kvalitetssikra opplegg med fokus på ulike motoriske ferdigheiter gjennom leik og den daglege aktiviteten på barnehagen, i regi av fysio- og ergoterapeuter i Sula kommune.  Det er utarbeidd aktivitetskort med ulike motoriske ferdigheiter som alle avdelingane skal nytte kvar månad – eit supplement til dei daglege aktivtitetane barna gjer i dag.  Opplegget er satt i eit system der ein gjennom eit årshjul er innom alle dei ulike motoriske områda. Dei ulike tema i årshjulet er med og legg grunnlaget for utvikling av ferdigheiter som skal gjere barna meir modne og klar for læring ved skulestart.   

Prioriteringane av dei ulike motoriske ferdigheitene kjem fram i årsplan, på månadsplanane og i vekeplanane til kvar avdeling.