Psykisk helse

Gode tankar - glade barn

Barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen.  Måseide barnehage skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og førebyggje krenkingar og mobbing.  Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.  Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine følesar.  Motstandskompetanse er viktig for alle barn.

Dette handlar om livsmeistring og helse som er omtalt i Rammeplanen for barnehagane.  Barna har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø – dette er nedfelt i barnehagelova, og som dei tilsette må følgje til einkvar tid. 
Svaret på livsmeistring er relasjonar. Tillit er bærebjelken i ein relasjon. Eit avgjerande verkemiddel for å unngå mobbing er å jobbe med relasjonar.  Du mobbar ikkje ein du likar/er glad i.

Korleis bygger vi psykisk helse? 
Vi må hjelpe barna til å forstå korleis livet kan vere – det er vanskeleg, går opp og ned, og er som ei reise vi ikkje kan kontrollere til einkvar tid.  Vi må sørge for ikkje å ha mykje fokus på det som er negativt og vanskeleg, men sørge for at vi har mest fokus på faktorar som kan gje oss god helse, som m.a. indre motivasjon, som blir skapt gjennom:   glede  -  håp  -  optimisme/mot.

 

Verktøy vi nyttar i barnehagen:

1. Livet & Sånn - eit opplæringsmateriell for folkehelse og livsmeistring. Få kunnskap og lære strategiar i kvardagen.

2. Grøne tankar – glade barn 
      Psykologisk førstehjelp, om grøne og raude tankar. Eit opplegg vi nyttar spesielt for førskulebarna.

3. Årshjul for psykisk helse i barnehagen  - bygd opp rundt 6 hovudtema som vi er forplikta til å jobbe med i             løpet av året, tilpassa alle barnegruppene.  Desse hovedtema er forankra i årsplan, månadsplan og vekeplan.

Her er årshjulet for psykisk helse for barnehagane i Sula kommune:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prioriteringane av dei ulike hovedtema kjem fram i årsplan, på månadsplanane og i vekeplanane til kvar avdeling.