Sula kommune

Samarbeid og overgangar

Eit godt samarbeid med forelde, ulike instansar og mellom avdelingar er viktig for å kunne sikre utvikling og eit godt tilbod til barna som går her

Overgang heim – barnehage

Eit godt foreldresamarbeid er viktig for å skape trygge rammer for både barn og tilsette.  Vi er avhengig av å både få og gi informasjon til foreldra. Derfor er hente- og bringesituasjonane avgjerande for å kunne skape relasjonar og få tilbakemeldingar i kvardagen. Det er lav terskel for å ta kontakt og vi er tilgjengeleg for både spørsmål og hjelp, for rettleiing og støtte.

Ulike former for foreldresamarbeid:

  •  Foreldremøte
  •  Foreldresamtalar
  •  Foreldreundersøking
  •  Foreldreråd
  •  Samarbeidsutval (SU)

 

I tillegg felles arrangement, der ein samlast og møtast, har det kjekt ilag: 

  • Storbarnsavdelingar: Familiefest om våren, ein ettermiddag/kveld kl 17.30-19.00 
  • Alle avdelingar: Foreldrekaffe, i hentetida,1 gong i halvåret
  • Alle avdelingar: Sommarfest på ettermiddag/kveld i mai/juni kl 17.30 

 

Overgang innad i barnehagen – mellom avdelingane

Barnehagen har fleire arrangement og tilstelninger saman gjennom året, til dømes felles sangstund, Ope hus, karneval, nissefest, Lucia og sommarfest. Dette er med på at barna tidlig får kjennskap til barn og vaksne på heile barnehagen. Vi har overgangssamtaler mellom avdelingane for barn som skal byte avdeling. På barnehagen har vi lik praksis, planar og rutiner for alle avdelingane.  

 

Overgang barnehage – skule 

Alle barnehagane og skulane i Sula har eit forpliktande samarbeid, der målet er å legge til rette for ein god overgang til skule, i tråd med nasjonale og lokale planar. Måseide barnehage samarbeidar med alle skulane som våre 5-åringar høyrer til.  Opplegget varierar frå skulekrins til skulekrins, med ulike barnehage- og skulebesøk gjennom siste året før skulestart.