Generelt om barnehagen

Måseide barnehage er ein kommunal barnehage med 4 avdelingar.

Pellamarka og Pettergjerdet er dei avdelingane som tek imot barn under 3 år.  Pellamarka kan ha barn både over og under 3 år, alt etter søknadene som kjem inn kvart år.  Myrbekkane  og Ingeskogen er storbarnsavdelingar. Ingeskogen kan også justere barnetal over og under 3 år, alt etter søknader og barnegrupper til kvart år.

Barnehagen har Måseide skule (som no er nedlagt) som næraste nabo, og vi kan bruke deira uteplass når det passar.

Adresse

Myrbekkane 15
6036 Mauseidvåg

Opningstider

Normal opningstid er 07:00 -16:30