Formål
Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordna organ. Utvalet skal særleg vere med å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag, og samarbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet skal alltid godkjenne årsplanen for kvart år.
Foreldrerådet i barnehagen er alle føresette til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal sikre samarbeid mellom barnehagen og heimen.
Samarbeidsutvalet i Måseide barnehage 2018-2019
- Eigarrepresentantar, Sula kommune:
- Sindre Eikrem (Sulalista)
- Jan Gunnar Aakre (Arbeiderpartiet) - Vara
- Foreldrerepresentantar
- Caroline Rørstad
- Tanja Ness
- Tilsetterepresentantar
- Merete Beite Dyb, ped.leiar
- Janne Lise Gjerdsbakk, barne- og ungdomsarbeidar
Kommunen sin representant sit i SU for 4 år i gongen, dei resterande andre sit for 1 år i gongen. Styrar er alltid sekretær.