Måseide barnehage ligg lunt og skjerma til på same tomt som Måseide skule i Mauseidvåg. Vi har tilgang til skulen sin gymsal og heile skulen sitt uteområde, sjølv om vi er avdelt med gjerde mot skolen.
Gapahuk i skogen, bålplass i skogen, og gapahuk og grue på uteområdet er ein del av moglegheitene vi har, i tillegg til gode turmoglegheiter i nærmiljøet – tilpassa ulike behov.