Sula kommune

Visjon og verdiar

Visjon, verdigrunnlag, pedagogisk grunnsyn, pedagogiske målsettingar og satsingsområde blir vår MISJON – vårt oppdrag som skal stadfeste kven vi er til for, kva vi skal bidra med og kva vi skal bidra til. 

Visjon

Tryggheit – Meistring – Gode opplevingar

Visjonen omfattar alle  -  både barn, tilsette og foreldre.
Visjon tydar å sjå - vår ledestjerne - noko vi skal strekke oss etter, og som skal gi oss energi.

 

Målsetting:

  • Skape eit anerkjennande miljø som fremmer respekt, likeverd og ein god sjølvfølelse for den enkelte
  • Gje barna oppleving av meistring utifrå eigne føresetnader, som basis for læring og utvikling
  • Fremme barna sin sosiale kompetanse gjennom tryggheit, meistring og gode opplevingar
Verdiar

Sula kommune sine verdiar

Verdigrunnlaget gir uttrykk for haldningar som alle tilsette i Sula kommune skal strekke seg etter i det daglege virke ovafor sine brukarar, samarbeidspartnarar og ovafor kvarandre.  Verdiane er eit felles utgangspunkt og rettesnor for vurderingar, val og handlingar.

Måseide barnehage er forplikta til å følgje Sula kommune sine verdiar:

  • Ærleg og open
  • Respekt og omsorg
  • Innovativ
  • Humor

 

Verdigrunnlag i Rammeplan for barnehagar

Barnehagen skal også følge verdigrunnlaget i Rammeplanen - som eindel av barnehagelova, sitat:
 "Å møte individet sitt behov for omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning og sikre at barna får ta del i å medverke i fellesskapet, er viktige verdiar som skal speglast i barnehagen. Barnehagen skal fremje demokrati, mangfald og gjensidig respekt, likestilling, berekraftig utvikling, livsmeistring og helse". 

 

I Måseide barnehage har vi definert innhaldet i desse verdiane i verdigrunnlaget  -  kva vi legg vekt på hos oss. Dette kan du lese meir om under Pedagogiske prioriteringar og verdiar. (PDF, 8 MB)

 

Pedagogisk grunnsyn

Eit pedagogisk grunnsyn handlar om kva haldningar og verdiar dei vaksne har når dei skal utføre ei pedagogisk handling i barnehagen.

Vårt pedagogiske grunnsyn i Måseide barnehage:

Vi vaksne skal bygge varme relasjonar til barna samtidig som vi set grenser på venlege, trygge og forklarande måtar, gjennom:

  • Respekt
  • Kjærlege hender
  • Eit klokt hode
  • Eit varmt hjarte

 

I praksis betyr dette:

At vi respekterer barna ved å lytte, og ta følelsane deira på alvor. Vi viser omsorg gjennom fysisk kontakt, som å la barna få sitte på fanget og vi gir gode klemmer.  Vi skal vere forutsigbare og førebu barna når vi til dømes skal tørke nase og ta på dei hue.

Vi skal også vere tydelege vaksne som setter grenser ut frå situasjonen, og barns føresetnader. Her må vi vere bevisst på kroppsspråk, stemmeleie og forklare godt med få ord.

Gjennom dette og felles opplevingar bygger vi varme relasjonar til barna.

Vi ønskjer at barna skal oppleve at vi bryr oss om dei, at vi trivast på jobb og i lag med dei.

 

Vaksenrolla

Dei tilsette i Måseide barnehage har arbeidd mykje med korleis vi skal vere gode vaksne i barnehagekvardagen.

Våre verdiar og vårt pedagogiske grunnsyn, viser våre kunnskapar, verdiar og haldningar gjennom alt vi seier og gjer gjennom barnehagedagen.

 

Vårt grunnsyn speiler seg derfor i vår visjon, mål og målsettingar, og korleis vi jobbar med omsorg, danning, leik og læring.   Barn har ulik personlegheit og skal møtast med anerkjenning og respekt for den dei er.  Barn har rett til eigne meiningar, behov og følelsar, og dette må vi ta hensyn til.    Å bygge relasjonar heile tida – heile året er derfor heilt avgjerande.

 

Autoritativ vaksenstil:

Gode relasjonar er alfa og omega når ein skal skape gode lærings- og leikemiljø for barna.  Den autoritative vaksenstilen blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønskjer skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren.   Den vaksne har då positiv kontroll, set tydelege genser og har klare forventningar til barnet, samtidig som dei er varme og aksepterande.  Dette har vi beskrive i vårt pedagogiske grunnsyn.

Barn som møter autoritative vaksne som lyttar til behova og ønska deira, samtidig som dei tek vaksenkontroll for å ivareta interessene i fellesskapet, lærer seg sosialt akseptable normer for åtferd.  Barna lærer seg å vente på tur, vere vennlege, ta initiativ og møte nye utfordringar med nysgjerrigheit, interesse og sjølvtillit.  Når dei vaksne har gode relasjonar til kvart barn, styrkar det relasjonen mellom barna.