Bursdagsfeiring

Bursdagsfeiringa består i

Barnehagen kjøper inn mat/frukt saman med barnet, og steller i stand til selskap.Det varierer frå avdeling til avdeling kva barna får tilbod om.

Dette høyrer med til ein vellykka bursdag

  • Bursdagssamling
  • Ekstra tilbereding ved måltid 
  • Kongestol og fint pynta kongekrone

Bursdagsbarnet får vere aktivt med i planlegging og gjennomføring.

Bursdagsinvitasjonar

Vi vil helst at bursdagsinvitasjonar vert levert ut utanom barnehagen. Om de må levere ut invitasjonar i barnehagen må det leverast ut til ei definert gruppe som kan forklarast for barna (f.eks. førskulegruppa eller alle 3 åringane). 

Det er gøy å bli invitert, og sårt å ikkje bli det. Så då må vi i barnehagen ha muligheit til å gi ei forklaring.

Ver også merksam på at bursdagsselskap kan bli brukt som maktmiddel: ".....då får ikkje du komme i selskapet mitt..." Dette blir sagt for å oppnå noko. Det vi i personalet seier då, er at det alltid er mamma og pappa som bestemmer kven som inviterast i selskapet, ikkje barnet.