Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Pedagogisk plattform

Personalet i Sunde barnehage har arbeidd grundig med vår pedagogiske plattform. Og vi er stolte over å kunne presentere det her på heimesida vår. Heile teksten ligg som PDF. Følg gjerne linkane i teksten for å forstå betre innhaldet og djupna i grunntankane våre. Mange av linkane er små videosnuttar. 

Klikk for stort bileteDen pedagogiske plattforma vår, saman med verdigrunnlaget og visjonen vår, seier mykje om det som ligg til grunn når vi tek val for drift og innhald i Sunde barnehage. 

Plattforma inneheld Sunde barnehage sitt syn på barn og barndom, forholdet mellom arv og miljø, nyare hjerneforskning, tilknytningsteori og relasjonskaping. Vidare seier det noko om val av vaksenrolle, progresjon og medverknad. Den pedagogiske plattforma fortel også Sunde barnehage sine hovedtankar om leik, læring, danning og omsorg.