Førskulegruppa

Å vere størst i Sunde barnehage er stas. Kvar mandag er det førskuledag - det gledes!

For å vere størst i barnehagen skal vere ei glede.  I Sunde barnehage vil vi ta dei beste prinsippa frå barnehagelivet med oss inn i skuleforbredinga.

Hovedmål er å få sjølvstendige, nyfikne og reflekterte barn. Vi bruker ein praktisk og leik-basert-tilnærmingtil læring for å arbeide med tema i årsplanen, Trampoline-boka og barna sine interesser.

Førskulegruppa er blant anna med på:

  • Julevandring i kyrkja
  • Ulike skulebesøk og fadderaktivitetar
  • Påskevandring i kyrkja
  • Førskuletur til Atlanterhavsparken
  • Blir feira på familiefesten i juni