Loppeheimen

Loppeheimen er ei småbarnsavdeling med barn frå 0-3år. Vi har stort fokus på god tilknyting og språk.  

Når eit barn startar hos oss er det aller viktigaste at barnet får ei god tilknytning til oss personale(The circle of security). Når vi får til det blir vi den trygge basen i barnehagen der barnet kan kome og lade på fanget, søke trøst eller bekrefting om det treng det.  

 

For å kome dit er det viktig med eit godt samarbeid med foreldra. Vi deler generelle erfaringer og kunnskap om god tilknytning, mens foreldra hjelper oss å bli kjent med akkurat deira barn og bidrar til å trygge barnet i den nye tilværelsen. 

 

For å utvikle barna sitt språk bruker vi blant anna Babblarna som pedagogisk verktøy. Vi bruker også teikn til tale, syng mykje og bruker kvardagssituasjonar for å stimulere til ei god språkutvikling.

 

Moto er utarbeida av fysioterapauter for å gi barna god motorisk stimulering igjennom mange grunnleggande rørsle. Motorisk utvikling er nært knytta til den intellektuelle utviklinga som for eksempel språk. Derfor har vi sett av eit heilt rom til fysisk utfalding for dei minste. Dette rommet er fylt med store mjuke klosser som kan flyttast, byggast med, klatrast på eller balanserast på. I tillegg vil vi følgje MOTO- opplegget som sikrer at vi fyller alle dei motoriske utviklingsområda. 

 

Stikkorda er leik og moro, men på ein medviten og kunnskapsbasert måte 

Telefonnummer Loppeheimen: 46 83 14 10