Generelt om barnehagen

Sunde barnehage er ein kommunal barnehage med to avdelingar. Barnehagen vart bygd i 1983, og fekk nytt uteområde i 2017. Barnehagen har friluftsprofil, og leiger område ved Sundsmyra idrettsanlegg. 

Sunde barnehage er barnehagen der alle kjenner alle, og kvar enkelt er betydningsfull for fellesskapet!

Vi har to avdelingar:

  • Solhøla 3-6 år med 24 storbarnsplassar
  • Loppeheimen 0-3 år med 12 småbarnsplassar

Sunde barnehage ligg unikt til med nærleik til fjell, skog og fjøre. Vi brukar nærområdet mykje til turar, og lærer oss å bli glad i å ferdast i naturen og lærer oss å ta vare på den. 

Vi bryr oss om nærområdet vårt!

Vi bryr oss om kvarandre også. Alle som kjem til Sunde barnehage skal oppleve at dei er viktige og blir sett og forstått. Tilknytning, omsorg og tilhørigheit er viktig for alle, og ekstra viktig for små barn. Dette har vi stort fokus på, og er det viktigaste i barnehagen vår. 

Følg oss på Facebook 

Følg oss på Instagram




 

Adresse

Rystene 30
6037 Eidsnes