Foreldreråd og SU

Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordna organ. Utvalet skal særleg vere med å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag, og samarbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet skal alltid godkjenne årsplanen for kvart år.

Foreldrerådet i barnehagen er alle føresette til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal sikre samarbeid mellom barnehagen og heimen.

Samarbeidsutvalet i Sunde barnehage 2024-2025

Samarbeidsutvalet vert valt tidlig på hausten og består av 2 foreldrerepresentantar, 2 tilsette og 1 politisk representant. 

Kommunen sin representant sit i SU for 4 år i gongen, dei restrerande andre sit for 1 år i gongen. Styrar er alltid sekretær.