Bursdag i barnehagen

Å ha bursdag er gøy! Det skal det vere i barnehagen også. Dette er ein dag som er prega av forventning og glede. Hipp hipp hurra!!!! 

Bursdagsfeiringa består i:

  • Bursdagssamling, der barnet får velje bursdagsbok og får høre fine ting om seg sjølv.
  • Barnet får ha på kongekappe og sitje på bursdagsgullstol.
  • Lage og få på krone.
  • Velge spanande ting frå bursdagsskapet til å pynte bordet med.
  • Velge bursdagsservise til måltidet.

 

 

Bursdagsinvitasjonar

Vi vil helst at eventuelle bursdagsinvitasjonar vert levert ut utanom barnehagen. Om de må levere ut invitasjonar i barnehagen det leverast ut til ei definert gruppe som kan forklarast for barna (f.eks. førskulegruppa eller alle 4 åringane). 

Det er gøy å bli invitert, og sårt å ikkje bli det. Så då må vi i barnehagen ha muligheit til å gi ei forklaring. Ver også oppmerksam på at bursdagsselskap kan bli brukt som maktmiddel: .....då får ikkje du komme i selskapet mitt... Dette blir sagt for å oppnå noko. Det vi i personalet seier då, er at det alltid er mamma og pappa som bestemmer kven som inviterast i selskapet, ikkje barnet.