Ny i barnehagen

Å begynne i barnehagen er ofte ei tid prega av forventnigar og litt usikkerheit både hos barn og foreldre. Korleis kjem dette til å gå? Vil barnet mitt trives i barnehagen? Ofte går du frå ei tid som foreldre der du har full kontroll over alt som skjer med barnet, til å oppleve at du må sleppe denne kontrollen og gje barnet ditt over til andre omsorgspersonar.  Det er ein stor overgang for både barn og foreldre. 

Kva gjer vi i Sunde barnehage i denne overgangstida?

I Sunde barnehage kallar vi dette tilknyttingsperioden. Det vil sei at vi vil knyte relasjonar til barna og til dykk som foreldre. Vi vil jo bli kjent med dykk! Og det er viktig at de som foreldre blir trygge på at vi som arbeider i barnehagen kjem til å ta godt vare på barnet dykkar. Vi har stor respekt for at de leverer dykkar kjæraste til oss. Så takk for tilliten. 

Før barnet begynner:

  • Opne besøksdagar i løpet av året (sjå facebook)
  • Besøksdag i mai til dei som skal begynne (eigen invitasjon)
    • Her spør vi om behov og ynskjer for oppstarten i august
  • Brev heim i juni om oppstartsdato og kven som er der og tek i mot barnet.
  • Kontakt ved behov
  • Sjå lenkje: ha med i barnehagen

Når barnet begynner:

  • 1 dag er foreldre med heile tida, tidsrom ca 2 timar. 
  • Etter det avtaler de med personalet om framdrift. Ulike familiar og barn har ulike behov. 
  • Mange kan rekne med ein periode på 3 dagar, nokre kan ta lenger tid. 

Etter ei stund:

  • Oppstartsamtale

Viktig når du skal gå i frå barnet ditt:

  • Smil, sei for eksempel: ha det fint. Snakkast seinare. Gi ein klem om ønskleg. Eventuelt kan du gi barnet til personalet.  
  • Sei alltid i frå når du går! Ikkje lur deg vekk når det går bra. Då vil barnet leite etter deg og ikkje finne deg, og det er ingen god opplevelse.
  • Barnet speiler deg. Om du er utrygg og ikkje har lyst å forlate barnet, så vil barnet merke dette. Prøv å tenke at det er bra for barnet å vere i barnehagen (for det er det). Om du viser barnet at det er trygt for det å vere her, så vil barnet stole på det (etter kvart). Barnet har full tillit til deg som forelder. 
  • Om du er usikker på om dette gjekk bra, ring oss heller om ei stund. Når du går, så går du. 
  • Vi sender ofte melding om barnet gråter og det går fint etter ei stund, og vi tek alltid kontakt om det ikkje roar seg. 

Erfaringar

Det er vanlig at barnet gret når du skal gå. Det er også vanleg at barnet ikkje gret. Det kan ofte skje at det går heilt fint med ein gong, og så går det eit par månader og så kan det bli litt vanskeleg. Det meste er heilt normalt og personalet har både kunnskap og erfaingar om å ta i mot barn i barnehagen. Ha tett kontakt med personalet på avdelinga, spør og gi tilbakemeldingar. Det er svært viktig at vi voksne samarbeider godt, slik får barna det best også. 

........OG det går alltid bra!