Kva tilbyr vi?
PPT samarbeider med- og støttar barnehagar og skular i det førebyggjande arbeidet, for å gi eit inkluderande tilbod til barn og unge som kan ha behov for tilrettelegging. PPT bistår også barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling, og utarbeider sakkunnige vurderinger for barn og elever som særlige behov. Det står i barnehagelova § 33 og opplæringslova § 11-13. Du kan lese meir om PPT og tilpassa opplæring og inkludering på Udir sine sider ved å trykke her.
- Skulane har faste kontaktpersonar/pedagogisk psykologiske-rådgivarar som har faste kontaktdagar på skulane.
- PPT kan gi råd til føresette og personale i skulen om utvikling, opplæring, trivsel og tilpasning.
- PPT har eige skuleteam, med 4 pedagogisk-psykologiske rådgivarar.
- PPT gir råd om logopedbehandling når dette fell inn under kommunen sitt ansvarsområde (sakkunnig vurdering). Les meir om logopedhjelp her.
- PPT deltek i SamBa skuleteam på barneskulane og ungdomsskulen.
- PPT gjer ei utgreiing og gir råd om ein elev har behov for individuelt tilrettelagt opplæring (ITO). PPT skal sørge for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det jfr. Oppl.lova § 11-13. Dette gjeld særleg tilråding om rett til ITO og kva for opplæring som gir eleven eit forsvarleg opplæringstilbod. Du kan lese meir om PPT og ITO på UDIR sine sider ved å trykke her.
- PPT gir sakkunnig uttale om utsett og tidleg skulestart.
Kven kan få tilbodet?
Føresette og elevar i grunnskulealder.
Personalet i skulane.
Korleis få tilbodet?
Føresette kan ta kontakt i hovudsak gjennom skulen eller evt. gjennom andre hjelpetenester.
Det skal vere gjennomført naudsynt kartlegging og utprøving av tiltak før melding til PPT. Stafettlogg skal opprettast. Stafettlogg skal vere evaluert før drøfting av melding med PPT. Skulen og PPT drøftar meldingar på avtalte drøftingsmøte. Meldeskjema skal fyllast ut.
PPT kan gi råd til skular om barn som ikkje er meldt til PPT, når føresette har gitt samtykke eller det er tilstrekkelig anonymisert.
Melding om kompetanse- og organisasjonsutvikling vert sendt til PPT dersom skulane ønsker hjelp til utviklingsarbeid i klasser og liknande.
Kva kostar det?
PPT sine tenester er gratis.
Kva skjer vidare?
Etter meldinga er mottatt vil føresette og meldar få tilbakemelding om planlagt oppstart. Saksansvarleg pedagogisk psykologisk-rådgivar vil gje tilbakemelding undervegs og etter fullført utgreiing.
Etter sakkunnig tilråding om individuelt tilrettelagt opplæring, skal rektor i skulen gjere vedtak.
Lover og reglar
Opplæringslova