Logoped

Kva tilbyr vi?

Logopedar gjev hjelp til barn og unge som har vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme. Kommunen har ikkje tilsett logoped sjølv, men PPT gjer sakkunnig vurdering som kan gje grunnlag for logopedhjelp. Når logopedhjelp blir finansiert gjennom refusjonsordning i trygdesystemet (helsesrelaterte vanskar), vert rekvisisjon sendt til Helfo for vedtak. Dei som ikkje fell inn under denne ordninga (forsinka utvikling), kan etter melding til PPT og vedtak frå kommunen, få dekt utgiftene til logoped med kommunen.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge i førskule- og grunnskulealder som har behov for logopedhjelp på grunn av ulike språk- og talevanskar.

Korleis få tilbodet?

Melding om behov for logopedhjelp kan kome frå føresette, barnehage, skule, helsestasjonen eller lege.
Meldeskjema til PPT skal fyllast ut.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Lover og reglar

Kontakt

Katrin Salen Torben
Konsulent
E-post
Telefon 95 71 02 22

Send sikker post til PPT Sula

Organisasjonsnummer: 975319202  

Synnøve Molvær Vågnes
Leiar PPT
E-post
Telefon 99 53 75 27