Om oss

Rørstadmarka skule stod klar til skulestart hausten 2022 og samlar dei to gamle skulekretsane Fiskarstrand og Måseide.

Dei sentrale verdiane til skulen er

Respekt - tryggleik - fellesskap - humor

Om skulen

Rørstadmarka er ein fulldelt barneskule som samlar elevar frå dei gamle skulekrinsane Måseide og Fiskarstrand. Per 01. august 2022 har vi ca 225 elevar, ei stor skulefritidsordning og eit personale som svarar til om lag 30 heile stillingar. Rørstadmarka skule ligg perfekt til midt i naturen, noko vi ønskjer å nytte aktivt til til dømes faste uteskuledagar for 1.-4.trinn, samt naturfag og fysisk fostring for dei eldste.

Rørstadmarka skule skal vere ein kunnskapsrik skule som har stort fokus på tilpassingar og tilrettelegging for alle elevar. Systematisk opplæring og variasjon i undervisninga skal vere med på å skape motivasjon og interesse for læring.

Utedagar

Dei yngste elevane har faste utedagar. Skulen har opparbeida eit flott uteområde i Veddemarka, 15 minutts gange frå skulen.   

Dysleksivennleg skule

I samanslåinga mellom Fiskarstrand skule og Måseide skule har vi jobba mykje med strukturar og prosedyrar som gjer at vi kan drive god og systematisk undervisning for alle elevar. Vi har jobba mot lik praksis i arbeidet med å få ta med autorisasjonen som  Dysleksivennleg skule, som Fiskarstrand skule fekk i 2017. I juni 2024 vart resertifisert som dysleksivenleg skule og arbeider etter dei prinsippa . 

 Mykje av den tilrettelegginga vi planlegg for elevar med dysleksi, kjem alle elevane til gode; for eksempel gjennom fokus på språkleg medvit, varierte arbeidsformer, utforsking av omgrep og læringsstrategiar og bruk av konkretar m.m. I vår dysleksivennleg skule har vi derfor som hovudfokus korleis undervisninga vår er lagt opp kvar einaste dag i alle timar. 

Målet er at undervisninga vår skal vere dysleksivennleg, slik at alle elevar opplev eit løft innan lesing og skriving, større grad av meistring og meir varierte undervisningsformer. Alle elevar har rett til ei opplæring som er tilpassa deira behov. Dysleksivenleg undervisning er ikkje noko som berre elevar med dysleksi og lese-/skrivevanskar har stor nytte av, men også dei andre elevane tener på dette. Rørstadmarka skule skal vere ein dysleksivenleg skule som legg til rette for god undervisning for alle.

Følg oss i sosiale kanalar

Kontakt

Janne-Lise D Lundbø
Rektor
E-post
Mobil 95 71 02 00
Turid Olava Stokke
Undervisn.inspektør
E-post
Telefon 95 71 02 01
Mobil 95 71 02 01
Renate Myklebust
Barnevernpedagog
E-post
Telefon 95 71 02 02
Mobil 95 71 02 02
Wenche Kristin Relling
Helsesjukepleier
E-post
Mobil 91 70 50 61

Rørstadmarka skule

Adresse

Adresse:
Rørstadmarka 75-77
6035 Fiskarstrand

Organisasjonnummer
Skule: 928523 683
SFO:  929245 997