Retningsline gjeld alle læringsbrett delt ut til elevar i Sulaskulen og Sula kulturskule.
Læringsbrett skal brukast av elevane til skulearbeid som ein personleg iPad i skulen. iPaden er Sula kommune sin eigedom og skal leverast tilbake dersom eleven sluttar ved grunnskulen/kulturskulen i Sula.
Lånar og lånaren sine føresette skal forhalde seg til følgjande reglement:
1. Allerede etablert regelverk
a) Kommunen/skulen sitt ordensreglement gjeld også for bruk og handtering av læringsbrett.
2. Administrasjon
a) Skulen har kontroll over oppsett på iPaden og innkjøp og distribusjon av appar.
b) Skulen kan når som helst be om å få tilbake iPaden av tekniske eller praktiske årsaker. Eleven må i slike tilfelle levere tilbake iPaden ulåst (utan passord eller pinkode).
3. Praktisk bruk
a) iPaden skal alltid vere med på skulen. Når iPaden ikkje er i bruk i undervisinga, skal den ligge i sekken, også i SFO-tida. Drikkeflaska kan stå på skulen og fyllast der, så slepp vi lekkasje i sekken.
b) Heimen må sørge for at iPaden kvar dag er tilstrekkeleg lada til å kunne brukast gjennom heile skuledagen utan å måte ladast opp undervegs.
c) Beskyttelsesdekslet iPaden leverast med skal alltid vere på.
d) Det er læraren som definerer når og korleis iPaden skal brukast
e) iPaden skal ikkje lånast ut til andre
f) Det er aldri lov å ta bilete eller video av medelevar eller tilsette utan løyve frå lærar og den/dei det skal takast bilete av
g) Lærar skal ha tilgong til koden på iPaden som lagast på skulen eller heime.
h) Skulen tar ikkje ansvar for tap av data og har rett til å slette innhald på iPadene. Personlege data må derfor også lagrast andre stadar enn på iPaden.
4. Elevar som også er elev i Sula kulturskule
a)Elevar i kulturskulen skal kunne nytte læringsbrett som ein del av undervisninga i Sula kulturskule, og må kunne ha med læringsbrett heim i vekedagar og helg. Læringsbrett skal då berre nyttast til førebuing eller øving i samband med undervisninga i kulturskulen.
5. Endring av reglar
a) Til ei kvar tid gjeldande reglement vil liggje på Sula kommune si heimeside www.sula.kommune.no og kan endrast av skulen slik skulen finn nødvendig innanfor prosjektet. Versjonen på nettsidene er til ei kvar tid gjeldande. Eventuell endring av reglementet sitt innhald vert varsla på Sula kommune si nettside.
I tillegg til sanksjonar i ordensreglane kan skulen også kreve iPaden levert tilbake for godt, eller for ein periode, om eleven bryt ordensreglane, «Reglar for bruk av iPaden» eller reglane i denne reglement. Dersom brot på reglane over fører til at iPaden vert skada/øydelagd, må føresette erstatte.
Ipad vert levert ut til elev med deksel og original ladar med kabel, ved innlevering av utstyr skal iPad returnerast til kontaktlærar med tilhøyrande deksel og original ladar med kabel. Heimane står ansvarleg for manglande utstyr og vil verte fakturert for dette jamfør satsar for utstyr som ligg i leasingavtale.