Høyring og offentleg ettersyn av reguleringsendring av Nausthaugen detaljregulering, Sula kommune

Sula kommune har fått utarbeidd forslag til endring av reguleringsplan for Nausthaugen, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 Endring av reguleringsplan. 

Kartskisse - Klikk for stort bileteKartskisse for planområdet

Gjeldande reguleringsplan er «Detaljplan for eit område rundt Nausthaugen» frå 2016. Endringsforslaget blir no sendt på høyring / offentleg ettersyn.

Hovudføremålet er å endre arealformål offentleg tenesteyting OF i gjeldande plan, til kombinert føremål bustad og tenesteyting. Det er i tillegg gjort endringar med å auke vegbreidda på tilkomstveg til dei nedre byggefelta, og det er gjort mindre endringar av tillaten byggehøgde på ny bebyggelse. Fleire planføresegner er tilført og justert.

Plandokument

Dokument knytt til reguleringsendring

Dokument for gjeldande plan

Innspel og merknadar

Har du innspel og merknader til endringsforslaget, sendast desse via Altinn eller til firmapost@pir2.no. Spørsmål kan stilles til samme epost, eller til PIR2 telefon 73 98 40 80. Alle innspel skal  merkast «2024085 Nausthaugen».

Høyringsfrist måndag 11. august.