Kommunedelplan for vatn og avløp – høyring og offentleg ettersyn
Sula kommune legg ut høyring og offentleg ettersyn av «Forslag til planprogram for kommunedelplan for vatn og avløp», samt varsel om oppstart av arbeidet med «Kommunedelplan for vatn og avløp».
Varsel om høyring av «Forslag til planprogram for kommunedelplan for vatn og avløp»
Plan- og miljøutvalet i Sula kommune vedtok 24.juni 2025 å legge «Forslag til planprogram for kommunedelplan for vatn og avløp» ut på høyring og offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningsloven §11-13.
Før oppstart av planarbeidet, skal det utarbeidast eit planprogram. Eit planprogram er eit verktøy for tidleg medverknad og avklaringar av viktige omsyn i planarbeidet. Det skal angi formålet med planarbeidet, avklare viktige problemstillingar og omtale korleis planlegginga er tenkt gjennomført.
Varsel om oppstart av arbeid med «kommunedelplan for vatn og avløp»
Kommunen varslar også - med heimel i plan- og bygningsloven §11-13. - oppstart av arbeid med «Kommunedelplan for vatn og avløp». Kommunedelplanen vil være grunnlag for overordna og langsiktig styring innan desse tenesteområda i Sula kommune.
Dokument i saka
Medverknad
Vi oppfordrar alle som har meningar om vassforsyning og avløpshandtering til å komme med innspel til planprogrammet og til kommunedelplan for vatn og avløp.
Forslag til planprogram for kommunedelplan for vatn og avløp skal ligge ute på høyring i 6 veker. Vi ønskjer brei medverknad frå innbyggjarar, grunneigarar, interesseorganisasjonar og andre berørte partar. Innspel til planen kan sendast kommunen innan 20.08.25. Du kan send einn på ulike måtar
Innspel skal merkast med sak 25/1020.
Publisert 24.06.2025 11.31
Sist endra 24.06.2025 12.29