Reguleringsplan

Kva er ein reguleringsplan, korleis blir han laga, prosess, når og korleis kan du påverke planen. 

Korleis skal vi bu? Kor skal vi ha parkar og kor skal vi ha hus? Korleis skal vi bevege oss rundt i kommunen? Dette styrer kommunen ved hjelp av reguleringsplanar.

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er kommunen sin måte å styre utviklinga av eit område på. Korleis skal vi bu? Kvar skal vi ha friluftsområde og leikeareal? Kvar skal det vere næringsareal?

Ein reguleringsplan er ein politisk vedtatt plan over eit avgrensa område. Planen bestemmer koreis området kan brukast og kva som kan byggast der.  Ein reguleringsplan består av eit plankart med tilhøyrande føresegner, planbeskriving, risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) og andre fagutgreiingar som er nødvendige for den enkelte plan. 

Føresegner og planskildring seier noko om kva du kan og ikkje kan gjere på ein eigedom. Dei gir informasjon om kva føremål eigedomen har, for eksempel bustad, friområde eller veg, og kor høgt og stort du kan bygge. Den sier også noko om det er stilt krav til opparbeiding av andre funksjonar før ein kan sette i gang å bygge, eller folk kan flytte inn i dei nye bustadane. Slike krav kan for eksempel vere at det må opparbeidast gangvegar, leikeplassar eller liknande.

To typar reguleringsplanar

Det er to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering. 

Områderegulering 

Blir vanlegvis utarbeidd av kommunen og styrer utviklinga av eit større område, som for eksempel Langevågholmane og Sentrumsplanen. Kommunen kan overlate til private eller andre myndigheiter å lage områdereguleringar, det betyr at dei står for heile eller delar av det planfaglege arbeidet innafor dei rammene kommunen bestemmer, dei dekker også kostanadane heilt eller delvis.

 

 

Detaljregulering

Både kommunen og private aktørar kan utarbeide ein detaljregulering, men alle må halde seg til kommunen sine overordna planar. Detaljreguleringar tar for seg mindre områder eller enkelte tomter og gir ofte meir spesifikke og detaljerte føringar for kva som kan byggast.

 

 Oversikt over reguleringsplanar i Sula kommune

Sula kommune har eit planregister over alle reguleringsplanar. Denne databasen er også kopla til kartet som viser reguleringsplanane.

Oversikt over reguleringplanar i Sula kommune