AdministrasjonsutvaletLytt til tekstenStopp avspillingSjå medlemmar, møteplan og dokument for administrasjonsutvalet. Administrasjonsutvalet er kommunen sitt partssamansette utval og har mynde som følgjer av dette. Utvalet skal behandle alle saker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Gjeld ikkje saker etter arbeidsmiljølova Utvalet er òg kommunen sitt likestillingsutval som gir fråsegn i alle saker som har relevans for likestillingsspørsmål mellom kjønna. Administrasjonsutvalet skal aktivt medverke til ein heilskapleg personalpolitikk og personaladministrasjon i Sula kommune. Det gjer vedtak i prinsipielle personal- og organisasjonsspørsmål når dette ikkje ligg til formannskap eller kommunestyre. Elles er personalsaker delegert til kommunedirektøren. Mynde går fram av punkt 3.2.3 i del B av kommunen sitt delegeringsreglement. Det er vedteke eige møtereglement (PDF, 671 kB) Sist endra 23.03.2023 14.02