Det er god aktivitet i rådet. Dersom du har saker som du meiner at rådet bør gripe fatt i, så finn du kontaktinformasjon under.
Sula eldreråd er eit partipolitisk uavhengig, rådgjevande utval for rådmannen, dei kommunale sektorutvala, formannskapet og kommunestyret. Det er lovpålagt at ein skal ha eit eldreråd i kommunen. Rådet tek stilling til saker av generell eller prinsipiell karakter, og skal ikkje handsame tildelingssaker eller klagesaker som gjeld enkeltbrukarar.
Eldrerådet består av fire alderspensjonistar frå indre, midtre og ytre Sula, samt eitt medlem som kan sitte i kommunestyret. Det er kommunestyret som vel kven som skal sitte i rådet.
Sekretær for rådet er Jarl Anders Moe, mobilnr 47 03 61 16. Dersom du har spørsmål som gjeld rådet eller saker du vil ta opp, kan du ta kontakt med han.
Komande møte i utvalet
Medlemmar
Sist endra 31.03.2025 11.22