Formannskapet

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for formannskapet.

Formannskapet har 7 medlemmar som alle er valt av og blant medlemmane i kommunestyret.

Formannskapet er oppretta med heimel i kommunelova § 5-1 og er det nest øvste kommunale organet. Det treff vedtak på vegne av kommunen i dei tilfelle mynde er lagt til kommunen og det i lov eller delegeringsvedtak i kommunestyret ikkje er lagt til anna organ. Det har mynde til å treffe vedtak i saker som skulle ha vore avgjort av anna organ i dei tilfelle det er nødvendig at vedtak blir fatta så raskt at det ikkje er tid til å innkalle rett (kompetent) organ, jf. kommunelova § 11-8. 

Formannskapet skal ha eit særleg fokus på forhold og saker som krev samordna politisk behandling i kommunen, bl.a. økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Formannskapet skal ivareta kommunen sine plan- og utviklingsoppgåver av samfunnsmessig art, unntatt dei oppgåvene som etter lov, forskrift, reglement eller avtale er lagt til kommunestyret, administrasjonsutval eller kontrollutval.

Formannskapet er også kommunen si generelle klagenemnd, jf. forvaltningslova  28 andre ledd , for enkeltvedtak gjort av kommunale organ oppretta i medhald av kommunelova kapittel 5  dersom ikkje andre instansar er klageinstans etter særlov. Klagenemnda behandlar også saker der det ikkje er lovbestemt klagerett etter forvaltningslova. Klagenemnda har avgjerdsmynde på vegne av kommunen.

3. Mynde går fram av kapittel 7 i kommunen sitt delegeringsreglement (PDF, 2 MB)