Råd for likestilling av personar med funksjonsnedsetting

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for råd for likestilling av personar med funksjonsnedsetting.

Rådet  er lovpålagt og skal både gje uttale i høve politiske saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting, og kunne ta opp saker på eiga hand som dei meiner vil vere viktig for denne gruppa. Det er god aktivitet i rådet. Rådet vil gjerne ha innspel frå deg som er innbyggar i kommunen. Dersom du har saker som du meiner at rådet bør gripe fatt i, så finn du kontaktinformasjon under.

RLF er eit partipolitisk uavhengig, rådgjevande utval for rådmannen, dei kommunale sektorutvala, formannskapet og kommunestyret. Det er lovpålagt at ein skal ha eit råd som tek i vare gruppa av personar med funksjonsnedsetting i kommunen. Rådet tek stilling til saker av generell eller prinsipiell karakter, og skal ikkje handsame tildelingssaker eller klagesaker som gjeld enkeltbrukarar. Rådet er spesielt oppteken av spørsmål kring universell utforming, inkludering og det kommunale tenestetilbodet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Rådet består av fire medlemmer som er henta frå organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting i Sula, og tre medlemmer frå formannskapet og/eller kommunestyret. Kvart medlem har ein personleg vara. Rådet vert velt av kommunestyret for kvar valperiode.

Rådet for likestilling av personar med funksjonsnedsetting i Sula (RLF) 2019-2023 er frå venstre: Jorunn Irene Helgesen (nestleiar), Brit Midtgård, Trygve Holm (leiar), Liv-Torill Solevåg, Magne Sunde, Åse Petrin Vegsund og Christian Birkeland.

 

Sekretær for rådet er Jarl Anders Moe, som er rådgjevar i støttestaben. Dersom du har spørsmål som gjeld rådet eller saker du vil ta opp. Det er også mogleg å sende eller levere brev på Sula rådhus.

Kontakt

Jarl Anders Moe
rådgivar helse og mestring
E-post
Telefon 47 03 61 16