Livsmeistring og helse

I Rammeplan for barnehagen står det blant anna at Barnehagen skal ha en helsefremmende og forebyggende funksjon og bidra til å utjevne sosiale forskjeller. Barnas fysiske og psykiske helse skal fremmes i barnehagen. Barnehagen skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygge krenkelser og mobbing. Om et barn opplever krenkelser eller mobbing, må barnehagen håndtere, stoppe og følge opp dette. 

I Sunde barnehage arbeider vi med dette kvar dag og i alle situasjonar. Vi har også gode program og rutiner å støtte oss på i dette arbeidet. 

Alle barn har rett på eit trygt og godt barnehagemiljø. Dette er avgjerande for at barna skal oppleve livsmeistring og ha ei god helse. I Sunde barnehage har vi også rutiner om vi opplever at eit barn ikkje har det. Det er nedfelt i barnehagelova kapittel 8 korleis vi skal handtere dette der barnet sitt beste skal vere grunnleggande. Les meir på Sula kommune sine sider om kva som kan forventast under Trivsel og medverknad i barnehagen

I Sunde barnehage skal vi fremme både fysisk og psykisk helse. Dei pedagogiske hjelpemidla Livet og sånn og Grønne tanker, glade barn er til god hjelp  i arbeidet med å fremme god psykisk helse. I barnehagealder handler det mykje om å bli kjent med følelsane sine, og å få hjelp til å handtere dei på ein god måte. Det handler om venskap, gode relasjonar og trygg tilknytning. Les meir om våre tankar om dette i vår pedagogiske plattform.  

Den motoriske utviklinga til barna går fort frå barnet starter i barnehagen fram til dei starter på skulen. Å ha ei god motorisk utvikling er viktig for den fysiske helsa vår. Barna i Sunde barnehage får bevege seg mykje ute, og er mykje på tur. Dette gir barna mulighet til å få ei allsidig, god motorisk utvikling. Vi følger også det meir systematiske opplegget MoTo-leik. 

MoTo-leik er eit systematisk, lokalprodusert opplegg for å fremme god fysisk og motorisk helse og utvikling i barnehagen. Opplegget er utvikla og produsert av fysioterapeut, ergoterapeut, folkehelsekoordinator, rådgjevar for barnehagar og Molvær barnehage under utviklingsarbeidet To Fram i Sula kommune. Sula har også samarbeidd med Giske kommune om dette.

Sunde barnehage har vi MoTo-leik kvar veke for alle barn. Den motoriske utviklinga for barn er viktig, og ofte ei forutsetning for ei generell god utvikling. Å bevege seg masse, gå tur og leike er jo suverent for den generelle fysikken vår, men ved å arbeide systematisk med fagleg funderte øvingar sikrar vi at alle barn er med og at vi øver heile kroppen.

Aktivitetane vi skal gjennomføre blir presentert på eigne aktivitetskort, og dei er sett i system gjennom eit årshjul. Bevegelsesglede og meistring er nøkkelord. Barna skal oppleve at det det er gøy å bevege seg, dei skal trives i aktivitetane, få oppleve nye ting og såleis få tryggleik i eigen kropp. Det skal ikkje vere fokus på prestasjon, som fortest, flest og mest - men glede og å ha det gøy!

HelseNorge gir nokre anbefalingar om fysisk aktivitet til barn, og dette kan vere greit for foreldre også lese på:

Fysisk aktivitet for barn i ulike aldere

Mat og måltid er viktige delar av god helse. Matjungelen bruker omgrep som måltidsglede, matkultur og matmot som noko av det barneahgen skal bidra til. Vi i Sunde barnehage lar oss inspirere, og tilbyr barna eit sunt og variert kosthald. Barna får minst eit varmmatsmåltid i veka, og mykje frukt og grønt. Alle kornprodukt er av grov type. Vi tilbereder dei fleste varme måltida frå grunnen av. Kosemat har vi veldig sjelden, men nissen kjem med ein liten pose på nissefesten og ved karneval har vi pinjata. Les meir om måltidet vårt her.