Mangfald og gjensidig respekt

Rammeplanen seier at:

Barnehagen skal fremme respekt for menneskeverdet ved å synliggjøre, verdsette og fremme mangfold og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finnes mange måter å tenke, handle og leve på. Samtidig skal barnehagen gi felles erfaringer og synliggjøre verdien av fellesskap.

Barnehagen skal fremme likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn. Barnehagen skal motvirke alle former for diskriminering og fremme nestekjærlighet.

 

Barn blir fødd utan fordommar. Fordommar blir til ved at vi ikkje forstår kvarandre, og at vi ikkje respekterer ulikheter. Sunde barnehage skal møte alle som kjem i barnehagen med respekt og likeverd. Vi vil søke å gi barna kunnskap om at ikkje alle har det akkurat som seg sjølv, og å sjå på mangfaldet i samfunnet vårt som ein positiv ressurs. Dette vil også gjenspegle seg i litteratur som er tilgjengelig for barna. 

Vi vil lære om dei ulike religionane som vi veit er i barnehagen. Vi markerer ulike høgtider, og har samarbeid med Indre Sula kyrkje om ulike arrangement. Vi markerer også Den samiske nasjonaldagen for å få eit innblikk i den samiske tradisjonen. Vi markerer Rockesokkdagen, som er verdensdagen for Downs syndrom. Vi har eigen Regnbogefest i barnehagen i juni, der vi lærer om farger og at mange farger tilsammen blir et fint fargespill. Vi vil ha internasjonalt samarbeid med andre barnehager i andre land, for å sjå korleis andre barn har det, og også for at personale skal får ha utbytte av eit internasjonalt fagmiljø. 

Inkludering er eit sentralt omgrep i å skape sterke fellesskap som gir god tilknytning og mulighet for god fysisk og psykisk helse. Inkludering kjem ikkje av seg sjølv, vi må arbeide på alle felt for å skape eit inkluderande læringsmiljø i barnehagen. Personalet vil i løpet av 2023-2025 ta Udir sin kompetansepakke om inkludering. 

Å forstå kvarandre er sentralt i arbeidet med inkludering av alle i barnehagen. Alle må få medverke i eigen kvardag. Når barna kan uttrykke seg med ord, er det lettare for oss vaksne å forstå kva dei treng og kva dei ynskjer. Om barna ikkje kan bruke eit verbalt språk må vi søke å forstå dei på andre måtar. Vi er lydhøre for dei kommunikasjonsformene barna har; latter, gråt, humør, blikk, aktivitetsnivå og så vidare. Vi hører på det føresette fortel om barnet. Vi har også fokus på språkstimulering og alternativ supplerande kommunikasjon. 

I språkstimuleringa på småbarnsavdelinga vår bruker vi Babblarna, som er ein del av Karlstadmodellen. Heile barnehagen bruker også PODD-symbol som støtte for tale. Podd-symbol og teikn til tale er begge døme på ASK (alternativ supplerende kommunikajson). ASK blir brukt primært til barn der språkutviklinga ikkje kjem naturleg, men treng litt ekstra støtte. For nokre barn blir det kvardagsspråket. ASK er likevel til god støtte for alle barn, og viktig at alle barn har eit naturleg og positivt forhold til. PODD-symbol gir visuell støtte til alle situasjonar, og vi i Sunde barnehage velger å bruke det til dagtavle, og å henge det opp som visuell og språkstimulerande støtte på mange stader i barnehagen. 

Barnet si stemme skal ha stor påvirking i valga barnehagen gjer i det pedagogiske arbeidet. Dette er viktig i vår planlegging, gjennomføring, dokumentering og vurdering. Å kjenne at innspel og eigne interesser vert tatt på alvor er ein grunnpilar i ein demokratisk tankegang. Slik skaper vi delaktige og engasjerte medmennesker som kjenner ansvar for å bidra til nærmiljø og samfunn.