Influensavaksinering for barn

Onsdag 05. november vil helsesjukepleiarar vere til stades på Langevåg bedehus mellom 13:00 og 16:00 for å tilby vaksine for barn som er anbefalt å ta den. 

Der vil vere tilbod om både nasespray og vanleg sprøytevaksine.

Bestill time

Du kan bestille time ved å sende melding til Helsestasjonen på HelsaMi-appen eller ved å ringe dei på telefon 70 19 91 36.

Pris

Prisen for vaksinen er 300,- kroner.

Anbefalingar frå FHI om kven som bør ta vaksinen

Om lag 10 prosent av barn i Noreg bør ta influensavaksine fordi dei har sjukdomar som aukar risikoen for alvorleg sjukdomsforløp ved influensa. Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverre underliggande sjukdomar.

Les meir om kven i aldersgruppa 0 -17 år som er anbefalt å ta influensavaksine - FHI