Arnfinn og Ståle har tatt initiativ til, og vore drivkrefter i kvart sitt miljø ved å ivareta, etablere og vedlikehalde fellesanlegg og -areal, både i lokalmiljø og i skog og mark.
Dei er begge til stor motivasjon og inspirasjon for oppveksande slekt, så vel som for godt vaksne. Dei har utmerka seg med arbeid som kjem både barn og vaksne til del.
Dugnadsarbeidet blir gjort med glede, ikkje minst er den største gleda å hjelpe andre.
Arnfinn Kåre Vedlog
Arnfinn er busett på Eidsnes og har gjennom mange år trent yngre lag og spelarar i Mauseidvåg IL og Mauseidvåg og Solevåg IL.
Arnfinn er baneansvarleg på Allheim, stiryddar og deltar uavbrutt med praktisk og miljøskapande dugnadsarbeid i lokalmiljøet.
Ståle Vegsund
Ståle er busett i Langevåg og har i ein årrekke bidratt med dugnadsarbeid innan friluftsanlegg, marin forsøpling og miljøtiltak.
Han er medlem av Sula Roraty og har bidratt med dugnadarbeid som Rotarymedlem og på eige initiativ gjennom fleire år.
Prisen blir delt mellom dei to prisvinnarane.
Kulturprisen for Sula kommune blir delt ut anna kvart år og det er Sula formannskap som vedtar kven som får prisen.
Kulturprisen blir tildelt den 5. desember kl. 20.00 på Friheim Kulturhus i Langevåg.