Rådhuset tar i bruk digital resepsjonsløysing

Rådhuset har fått ein ny digital tilsett, ein kommunevert. Den står i innbyggartorget og ønsker besøkande velkommen.

Ei dame som står å peikar på ein informasjonsskjerm. Skjermen er ca 2 meter høg. - Klikk for stort bileteDigital kommunevert i servicetorget Sula kommune

Kommuneverten er ei digital resepsjonsløysing og fungerer på følgande måte

For deg som har ein avtale

  • Om du  har ein avtale skal du velje alternativet “Eg har ein avtale”.
  • Søk opp namnet på den du har ein avtale med. 
  • Legg inn namnet og mobilnummeret ditt i felta som kjem opp.
  • Det blir så sendt ein SMS og e-post til den du har ein avtale med.
  • Vedkomande vil kome ned i innbyggartorget og hente deg.

For deg som ikkje har ein avtale

Om du ikkje har ein avtale, vil du bli sendt vidare til bookingmodulen vår slik at du kan gjere ein avtale fram tid. Ikkje alle tilsette er tilgjengeleg for booking enno, i så fall må du leite opp kontaktinformasjonen på heimesida og ta kontakt anten per e-post eller telefon.

I opningstida til innbyggartorget vil du også kunne velje Dropin. Då går det ei melding til dei som sit i innbyggartorget om at du ventar, og dei vil kome og hjelpe deg.

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss