Stemmelokale for stortings- og sametingsvalet 2025

Sula valstyre har i møte 06.05.25 vedtatt slike stemmelokale for stortings- og sametingsvalet 8. september 2025:

  • Sulahallen (Langevåg stemmekrets)
  • Rørstadmarkahallen (Solevåg stemmekrets som inkluderer skulekretsane Rørstadmarka og Solevåg)

Trafikksikkerheita vektlagt ved val av lokale

Vedtaket vart gjort ut frå ei totalvurdering der ein la vekt på omsynet til at det skal vere lettast og tryggast mogleg for alle å avgi stemme. Rørstadmarkahallen og området rundt legg betre til rette for ei trygg trafikkavvikling. Tilkomsten til skulen er meir oversiktleg og det er godt tilrettelagt med veg for gåande og syklande. Der er fleire parkeringsplassar, både for rørslehemma nært inngangen og totalt sett. Fleire parkeringsplassar ved idrettsanlegget eit steinkast unna. Dette kan vere positivt når mange kjem og vil stemme rundt ettermiddagstid. Av- og påkøyring til fylkesvegen går lettare enn på E39. Rørstadmarkahallen er truleg det beste vallokalet i kommunen.

Førehandsstemming

Men innbyggarane kan sjølv velje kvar dei vil stemme. Det er fullt mogleg å stemme på førehand – både når du er ute og reiser rundt om i landet, når du handlar på Moa eller er på veg heim etter jobb. Dei som ikkje kan kome seg til vallokalet på valdagen kan søke om å få stemme heime. Det er enkelt å søke, du kan gjere det skriftleg eller munnleg. Valsekretariatet i Sula må ha søknad om å stemme heime i hende seinast torsdag 4. september kl 1200. Det er berre på valdagen du treng å stemme her på Sula, og då er det ikkje lenger nødvendig å stemme i den kretsen du høyrer til.

Det har blitt mykje meir attraktivt å stemme på førehand. Ved dei to siste vala stemte om lag 50 % av veljarane på førehand. Til samanlikning var det ved kommunevalet i 2015 berre 15 % som førehandstemte.

Statistikk

Mange er interessert i statistikk frå «sin krets». Alle førehandsstemmer blir fordelt på kommunenivå, dvs at om lag halvparten av stemmene ikkje har blitt fordelt på stemmekretsane. Dermed gir ikkje statistikken frå vallokala på valdagen rett bilete av verken valdeltaking eller partifordeling fordelt på stemmekrets.

Evaluering etter valet

Ut frå ei heilskapsvurdering landa valstyret på Rørstadmarkahallen og Sulahallen som stemmelokale for stortings- og sametingsvalet i 2025.

Valstyret vil evaluere denne løysinga etter årets val. 

Det kan bety at Rørstadmarkahallen kan bli felles stemmelokale for heile Sula kommune på sikt.

Kontakt

Frode Elias Synnes
Rådgivar
E-post
Mobil 93 00 63 68