Flytte til Sula?

Vi har blitt mange nye sulalendingar dei siste åra, men vi har plass til fleire. Velkommen til Sula!

Nyttige råd og tips

Om du er nyinnflytta i kommunen vår, eller om du vurderer å flytte hit, kan det vere lurt å ta turen innom innbyggaret på rådhuset, eller biblioteket. Begge deler finn du i kommunesenteret Langevåg, og begge stadar finn du tilsette som kjenner Sula godt og kan gi deg gode råd og tips for å bli kjent med Sula-samfunnet.

Finn ein plass å bu

Sula kommune har fem bygder - Langevåg, Fiskarstranda, Mauseidvåg/Eikrem, Solavågen og Veibust/Kvasnes.

Finn ein jobb

Det er fint å bu og arbeide i Sula kommune, men ein kan også bu i Sula kommune og arbeide i ei av nabokommunane. Regionen har eit variert arbeidsliv, både innan offentleg og privat sektor. Om draumejobben din ikkje er å finne i oversikta under, kan du derfor utvide søket til også å omfatte kommunane i nærleiken. 

Søk skule og barnehage

Sula kommune har full barnehagedekning,  fordelt på 4 kommunale og 4 private barnehagar.  Grunnskulane i kommunen er godt utstyrte, den nyaste skulen, Rørstadmarka skule, opna i august 2022. Skulane gir undervisning på 1.-10. årstrinn, i tillegg til skulefritidstilbod. Det er tre barneskular fordelt på indre, midtre og ytre del av øya. Ungdomsskulen er felles for heile kommunen og ligg i Langevåg. 

Lege og helsestasjon

Kommunelegekontoret i Sula og Langevåg helsestasjonen ligg i same bygg i Langevåg sentrum, Stadsnesvegen 9 b.  

Kommunelegekontoret i Sula tilbyr fastlege, sjømannslege og reisevaksinering. Det er 9 fastlegar og turnuslege ved kommunelegekontoret i Sula. På Helsenorge.no kan du sjå kven som har ledig plass og du kan velge eller bytte fastlege.

Få ei aktiv fritid

Å vere aktiv på fritida er ein fin måte å bli kjent med både nærmiljøet og dei som bur der. Kultur- og fritidstilbodet i Sula er omfattande og variert  I tillegg til kommunale tilbod som kulturskule og ungdomsklubb, står dugnadsånda  sterkt. Det er 100 - 150 lag og organisasjonar i kommunen med eit breitt spekter av tilbod, frå idrett og friluftsliv, til korps, kor og dans.

Vi håper du finn noko som fenger!

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss