Overføring av areal

Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedomar enn kva som er mogeleg i form av grensejustering

Ved arealoverføring slepp ein å opprette ny grunneiendom, tinglyse skøyte og utføre ei samanslåing av eigedomane. Dersom involverte eigedomar har ulike heimelshavarar (grunneigarar) må det tinglysast ei erklæring om arealoverføring. Det må også betalast dokumentavgift til staten. Eventuelle heftingar på avgivande eigedom må frafallast. Arealoverføring er derfor best egna når begge eigedomane har same heimelshavar.

Pris

Når du søker om arealoverføring, må du betale gebyr både for behandling av søknaden og gebyr for oppmålingsarbeidet.

 Slik søker du

Søknad om arealoverføring har same framgangsmåte og skjema som for deling av eigedom.

Sjå Kartverket si nettside om arealoverføring for meir informasjon.

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 68
Tor Even Pedersen
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 67