Psykisk helsehjelp til gravide, barn, ungdom og familiarLytt til tekstenStopp avspillingHer finn du ei oversikt over psykiske hjelpetilbod for barn og unge i Sula kommune. Ved akutt behov for hjelp kan du kontakte fastlegen din, eller legevakt på telefon 116 117. Hjelp til sjølvhjelp Alle har ei psykisk helse, og den er det viktig å ta vare på. Får ein psykiske plager er det mange spørsmål som melder seg. På Psykisk helse - helsenorge.no finn du informasjon om kva psykisk helse er, korleis du tek vare på den, og kvar du kan få hjelp om du, eller nokon du kjenner har det vanskeleg. Psykisk helse - helsenorge.no Tilbod i Sula kommune Fleire tilsette, innan ulike fagområde jobbar med psykisk helsehjelp, i tabellen under finn du ei oversikt over dei med særleg ansvar for dette. Helsesjukepleiar Det er helsesjukepleiarar på kvar barneskule, og på ungdomsskulen. Både foreldre og elevar kan ta kontakt for samtaler, råd og rettleiing. Her finn du oversikt og kontaktinformasjon til helsesjukepleiarane. Ungdomslos Ungdomslos er knytt til PPT sitt førebyggande, pedagogiske og systemiske arbeid inn i mot ungdom, familiar og skular. Stillinga inngår som supplement til eksisterande funksjonar i PPT. Ungdomslos driv oppsøkande og førebyggande arbeid. Meir om ungdomslos Informasjon til deg som er vaksen og har behov for psykisk helsehjelp Sist endra 08.09.2023 10.26